Natteravn

Natteravn logo - Klikk for stort bilete  

I Hå kommune har me natteravnordning på Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Ogna (inkludert Brusand og Sirevåg). Foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved ungdomsskulane set opp liste for når du som har barn i ungdomsskulen kan vera med som natteravn og skapa eit tryggare nærmiljø.

Natteravnane er ikkje ein organisasjon, men koordinert frivillig arbeid i lokalsamfunnet. Det er lokale grupper over heile Noreg. Tryg Forsikring er hovudsamarbeidspartner, og lokalt næringsliv er også ein viktig støttespelar for Natteravnane. Natteravnane har felles etiske retningslinjer.

Ta kontakt med SLT-koordinator Anja Ulriksen Rygg på mobil 992 14 862 eller på 
e-post aulr@ha.kommune.no dersom vil vera med som natteravn.

Ein natteravn

  • er ein helt alminneleg, vaksen person med sunn fornuft (politisk og religiøs nøytral)
  • bidrar til eit godt oppvekstmiljø for barn og unge i nærområdet
  • vandrar ute i gata og andre stader der ungdom samlar seg på kvelds- og nattetid
  • bryr seg om barn og unge ved å vera til stades for dei når dei treng det
  • observerer, lyttar, gir rettleiing og hjelp når barn og unge tar kontakt og tilkallar hjelp om nødvendig
  • er edru, rusfri, blid, inkluderande og vennleg

Som natteravn

  • kan du vera med på å skapa tryggleik og trivsel i ditt lokalmiljø
  • kan du bidra til å skapa gode, sosiale møteplassar mellom unge og eldre
  • får du innblikk i barn og unge sin kvardag utanfor heimen
  • vert du kjend med andre engasjerte vaksne og ditt eige nærmiljø
  • får du mosjon, frisk luft og fellesskap med andre engasjerte vaksne