HelsestasjonHelsestasjonen driv førebyggande og helsefremmande arbeid blant barn og unge. Alle barn og ungdom har lovfesta rett til helsehjelp.Meld deg på nyheitsbrev frå helsestasjonenSjå også: Jordmor Ofte stilte spørsmål Korleis får eg kontakt med helsestasjon etter fødsel? Helsesyster tek kontakt med deg så snart helsestasjonen har motteke melding frå sjukehuset eller etter at du sjølv tek kontakt. Kva tilbyr helsestasjonen? Helsestasjonen tilbyr: svangerskapskontroll hjå jordmor helsekontroll, råd og rettleiing vaksinasjon barselgruppe skulehelseteneste helsestasjon for ungdom reisevaksine smittevern Kva helsekontrollar tilbyr helsestasjonen? På helsestasjonen tilbyr me desse helsekontrollane: 0 - 2 veker - heimebesøk ved helsesyster 3 - 4 veker - barselgruppe 6 veker - helsekontroll og vaksine, helsesyster og lege 3 mnd. - helsekontroll og vaksine, helsesyster 5 mnd. - helsekontroll og vaksine, helsesyster 6 mnd. - helsekontroll, helsesyster og lege 9 mnd. - helsekontroll, helsesyster 12 mnd. - helsekontroll og vaksine, helsesyster og lege 15 mnd. - helsekontroll og vaksine, helsesyster 2 år - helsekontroll, helsesyster 4 år - helsekontroll, helsesyster Kva gjer eg om eg ynskjer kontroll, men ikkje har time? Helsestasjonen gjev ekstra kontrollar ved behov. Ta kontakt for å avtala tid. Kva gjer eg om tida eg har fått til kontroll ikkje passar? Det er viktig at du gir beskjed til helsestasjonen om du ikkje kan koma til avtalt tid. Då kan andre få timen din. Du får ny time når du tek kontakt. Journalføring på helsestasjonen Det vert skrive journal kvar gong de er på kontroll eller har kontakt med helsestasjonen. Journalen er i barnet sitt namn, og foreldre/føresette med foreldreansvar har rett til å sjå journalen. Publisert22.03.2016 09.48