Barneløftet - tilsette

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Me ynskjer å fanga opp barn som har det vanskeleg så raskt som råd, slik at dei kan få den hjelpa dei treng. Du som tilsett kan vera heilt avgjerande for barn og unge som du har kontakt med.

Her er informasjon og rettleiing til deg som tilsett slik at du kan gjera grep for barn og unge som har det vanskeleg i Hå.

Me skal løfta i lag og arbeida heilskapleg og systematisk for å sikra barn og unge.

Barneløftet - tilsette

Kva gjer at me vert bekymra?

Barn og unge kan gje mange signal som gjer at me som vaksne og tilsette vert bekymra.

I rettleiaren til barneløftet har me laga ei oversikt (PDF, 219 kB)over kva som gjer at me skal verta bekymra for barn og unge i Hå. Elementa i denne oversikten må du sjå i samanheng, ofte kan det vera nyttig å tenka på om det har vore ei endring hjå barnet eller den unge. Endringar sett i samanheng med elementa i oversikten, kan gjera at me vert bekymra.

Me vil at alle tilsette skal ha eit auge med barn som er  pårørande, dette er spesielt viktig når barn/unge har foreldre som er psykisk sjuke eller har foreldre som misbruker rusmidler.

Kva gjer eg dersom eg er bekymra for eit barn/ein ungdom?

Dersom du er bekymra for eit barn/ein ungdom har me ulike trinn me skal fylgja. Les meir om desse i rettleiaren for tilsette. Du begynner gjerne med å gje uttrykk for det du er bekymra for til den det gjeld, foreldre/føresette, ein kollega eller næraste leiar.

Les meir om kva du som tilsett skal gjera i slike situasjonar i kommunen sin rettleiar for arbeidet med barn og unge. Dersom du treng gode tips til korleis du kan snakka med brn du er bekymra for, kan du også nytta "SNAKKE".

Merk deg at dersom bekymringa di gjeld urovekkande skulefråvær eller mobbing så gjeld eigne rutinar.

Dersom du er bekymra for at barnet eller den unge er utsett for vald eller overgrep, skal det fyrste du gjer vera å ringa politiet eller barneverntenesta. Du skal ikkje informera foreldre/føresette i slike situasjonar.

Kva tid har eg teieplikt, meldeplikt eller avvergeplikt?

Samtykke

Me skal som hovudregel ta tidlig kontakt med barnet/den unge, foreldre/føresette og andre tenester som kan vera til hjelp. For å kunna hjelpa må me ha tillit og basera kommunikasjon med andre teneste på samtykke frå dei det gjeld. Den som har teke initiativ i ei sak har ansvar for å sikra samtykke frå den det gjeld og/eller frå foreldre/føresette.

Teieplikt

Alle tilsette i kommunen har teieplikt, men me kan ha teieplikt etter ulikt lovverk. Det gjer at me ikkje alltid kan snakka saman og dela opplysningar, utan samtykke frå dei det gjeld. Me må vera tydelege med kvarandre på kva lovverk me har teieplikt etter og sikra samtykke slik at me kan samhandla.

Meir om teieplikta til helsepersonell.

Tilsette i barnehagar og skular har teieplikt etter forvaltningslova § 13

Avvergeplikt og meldeplikt

I enkelte tilfelle vert teieplikta sett til side. Då har du som tilsett anten avvergeplikt eller meldeplikt til politi eller barneverntenesta. 

Dersom du lurer på om situasjonen du står i løyser ut avvergeplikta di eller meldeplikt, skal du snakka med leiaren din.

Du kan også ringa kontakttelefonen til barneverntenesta (992 14 938) og drøfta saka anonymt.

Rettleiar teieplikt og samhandling i kommunalt arbeid

Kva rettar har barnet/ungdommen?

Alle barn har rettar i saker som handlar om dei

I Hå kommune ligg dette til grunn i arbeidet vårt med barn og unge.

Kva tiltak har kommunen for barn og unge?

Førebyggjande og helsefremmande tiltak

Tiltak ved risiko og vanskar

Særskilte tiltak

Korleis er det tverrfaglege samarbeidet organisert i kommunen?

Kommunen sitt tverrfaglege samarbeid er organisert i ein eigen modell for å sikra at me jobbar systematisk på individnivå, tenestenivå og kommunenivå.

Kva kommunale tenester rettar seg mot barn og unge?

Jordmortenesta - medan barnet framleis er i magen.

Helsestasjon - når barnet er mellom 0 og 4 år

Helsesyster på skulen - barneskule, ungdomsskule og vidaregåande

Helsestasjon for ungdom

Barneverntenesta

Familiesenteret

Barnehagar og skular

PPT

Ungdomsklubbane

SLT - kriminalitetsførebygging

Kva gjer eg dersom eg er bekymra for at eit barn/ein ungdom er radikalisert?

Valdeleg ekstremisme og radikaliseringsprosessar kan skje i alle typar totalitære livssyn og politiske ideologiar. Radikalisering er difor ikkje unikt for ein einskild religion, etnisitet eller miljø.

Tilsette ved barnehage, skule, barnevern, NAV, helse og sosial, fritidsklubbar eller andre som arbeider med barn og unge, kan fylgja handlingsløypa som ligg i kommunen sin rettleiar ved radikalisering.

Kva skjer med barn som vert utsett for vald?

Starten på livet kan vera avgjerande for relsten av livet. Det er difor svært viktig at me som jobbar med barn og unge gjer noko dersom me mistenker at barn vert utsett for vald.

Sjå filmen "i trygge hender" for å læra meir om kva som skjer med barn som vert utsett for vald.

Fann du det du leita etter?