Barne- og ungdomsløftet - foreldre/føresette

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Barn og unge som har det vanskeleg viser ofte dette til foreldre/føresette. Dei kan visa det i måten dei snakkar eller oppfører seg på.

Dersom du er uroleg eller bekymra for ditt barn, ynskjer me å hjelpa deg. Me vil at du skal ta kontakt med oss tidleg, slik at me saman kan hindra små ting i å utvikla seg til å bli større.

Barneløftet - foreldre/føresette

Ynskjer du rettleiing eller hjelp knytt til foreldrerolla?

Kommunen sitt familiesenter kan hjelpa deg som er omsorgsperson/føresett for barn og unge.

Familievernkontoret  tilbyr ulike kurs, parterapi, familieterapi, individuelle samtalar, grupperettleiing, rettleiing til familiar, mekling ved samværsbrot, sinnemestring og samtalar dersom du ikkje lenger har omsorg for barnet/ungdommen.

Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT) gir direkte hjelp til barn og unge, og rådgjeving/rettleiing til føresette og personale i barnehage/skule.

Helsestasjonen og skulehelsetenesta kan gje deg som foreldre/føresette rettleiing og/eller hjelpa deg å finna dei som best kan støtta dykk.

SLT - koordinatorane i kommunen kan også hjelpa deg dersom du er usikker på korleis du skal gå fram for å sikra at ditt barn får den hjelpa som trengs dersom barnet står i fare for å utvikla kriminell åtferd. SLT kan også hjelpa deg med råd og rettleiing om kven du kan ta kontakt med, og kva du skal gjera, når det gjeld førebygging av kriminalitet.

Korleis jobbar kommunen dersom me er bekymra for eit barn/ein ungdom?

Det er mange som arbeider i kommunen som ser barn og unge kvar dag. Ein viktig del av jobben deira er å sikra at barn og unge har det bra, og reagera dersom dei vert bekymra.

Når ein som jobbar i kommunen er bekymra, skal han eller ho ta rask kontakt med foreldre/føresette og/eller barnet. I tillegg har me ressursgrupper på alle skular og i alle barnehagar. Her kan tilsette ta opp det dei er bekymra for, etter samtykke frå dykk. Ei slik ressursgruppe har stor kompetanse på barn og unge, og saman kan me finna gode tiltak og løysingar.

Kva tiltak har me for familiar?

Link til tiltak

Har du mista omsorga for barn?

Då kan du få støtte frå Familievernkontoret på Bryne.

Er du forelder og strever med rus?

Det å vera avhengig av rus, gjer at det kan vera vanskeleg å vera ein god forelder. Barn reagerer ofte på at foreldre rusar seg. Les meir om dette i artikkelen "rusavhengig og forelder"

Dersom du ynskjer hjelp kan du ta kontakt med rusverntenesta vår eller Familiesenteret.

Fann du det du leita etter?