Barne- og ungdomsløftet - barn og unge

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Av og til opplev me vanskelege ting i livet, eller har kjensler og tankar som er vanskelege. Då kan du få hjelp.

Eller kanskje du kjenner nokon som har det vanskeleg? 

Under finn du informasjon retta mot barn og unge, og om kven du kan ta kontakt med dersom du treng nokon å snakka med.

Barneløftet - Barn og unge

Det er vanleg å ha det vanskeleg av og til.

Livet er ikkje alltid lett, og det er heilt normalt. Alle vil oppleva noko, ha tankar og kjensler, som er vanskeleg i livet sitt.

Du kan gjera ein del sjølv dersom du har det vanskeleg, les meir på ung.no

Nokre ting er vanskelege å handtera åleine. Då kan du få hjelp.

Kven kan hjelpa når du, eller nokon du kjenner, har det vanskeleg?

Det er mange som kan hjelpa deg dersom du har det vanskeleg.

Du kan snakka med læraren din, leiaren på ungdomsklubben, SLT - koordinatoren, helsesyster på skulen din, fastlegen din, eller andre vaksne du stolar på.

Dersom du treng hjelp med ein gong, kan du ta kontakt med legevakta eller akutt-teamet ved Jæren distriktspsykiatriske senter. Dei kan hjelpa alle som er over 13 år.

Desse kan hjelpa deg i kommunen:

Helsesyster på skulen - barneskule, ungdomsskule og vidaregåande

Det er i tillegg ei rekke andre plassar du kan få hjelp.

Meininga di er viktig!

Du har rett til å seia di meining, og vaksne har plikt til å høyra på deg. Meir om retten til å seie det du meiner finn du her.

Barneombodet har laga ei fin oversikt over rettane til deg som er under 18 år.

Kva kan du gjera dersom dei vaksne i livet ditt er psykisk sjuke?

Det er ikkje lett å vera barn eller ungdom når dei vaksne får ein alvorleg sjukdom eller skade. 

Dersom dei som skal ta seg av deg er sjuke, kan me hjelpa deg. Snakk med ein vaksen - det kan vera læraren din eller helsesyster eller andre - så skal me hjelpa.

Ta ein kikk i denne brosjyren - her er det meir informasjon til deg.

Kva kan du gjera dersom dei vaksne rusar seg?

Har du ei mor eller ein far som rusar seg? Kanskje dei drikk seg fulle, eller misbrukar piller eller narkotika?

Du kan lesa meir om kva rusmisbruk er, kva som skjer med den som rusar seg og korleis det er å leva i ein familie der mor eller far rusar seg. Ta ein kikk i heftet "når mamma eller pappa er psykisk syk eller ruser seg".

Du kan få hjelp!

Snakk med slektningar, vener, læraren din, helsesyster eller legen din. Me som arbeider i kommunen har plikt til å høyra på deg, og hjelpa deg dersom nokon i familien din rusar seg.

Du kan ringa Rustelefonen 915 08588 for å få råd om kven som kan hjelpa deg. Du kan vera anonym når du ringer.

Kva gjer du dersom du, eller nokon du kjenner, er utsett for vald eller overgrep?

Dessverre vert nokre barn og unge utsett for vald, valdtekt eller andre seksuelle overgrep, ofte av nokon som står dei nær.

Vald og overgrep er skadeleg, og det er difor viktig å få hjelp.

Det er ikkje all vald du kan sjå. Vald kan også vera vonde ord og handlingar.

Snakk med ein vaksen du stolar på slik at du kan få hjelp til å handtera dette.

Les meir om kva du kan gjera.

Korleis jobbar me i kommunen dersom me er bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Dersom me vert bekymra for eit barn eller ein ungdom, vil me fyrst prøva å snakka med den det gjeld. Dette gjer me for å visa at me bryr oss, for å finna ut kva det er som skjer og for å sikra at den det gjeld får hjelp eller nokon å snakka med.

Nokre gonger vert me så bekymra at me har plikt til å melda til barneverntenesta, slik at dei kan hjelpa. Andre gonger snakker me med ein me jobbar saman med, slik at den den gjeld kan få rett hjelp.

Målet vårt er å gje hjelp så tidlig som råd for å stoppa problem slik at dei ikkje veks seg større.

Om grenser - sex og valdtekt.

Det er viktig å setta tydelige grenser for deg sjølv. Å kjenna dine eigne grenser, og å ha respekt for andre sine grenser, kan hindra at du kjem i vanskelege situasjonar.

Les meir om samtykke og grenser på ung.no.

Les meir om valdtekt som skjer på fest.

Fann du det du leita etter?