Tilrettelagt fritid

Aktivitetstilbod til Håbuar med nedsett funksjonsevne.

A-LAGET og VENNEGRUPPA er tilrettelagde fritidstilbod for unge som bur i Hå. Tilboda er for deg som treng fritidsaktivitet i ei lita gruppe med tett oppfølging. Det er minst to leiarar på begge gruppene.Deltakartalet er avgrensa.

A-laget frå 5. til og med 9. klasse onsdagar kl. 1430. A-laget lagar mat, dreg på turar, og kan drive med biljard og andre spel, musikk, basseng og mykje anna spennande.

Vennegruppa frå 10. klasse og ut vidaregående, torsdagar kl. 1500. Vennegruppa bruker kulturtorget, reiser på rånetur, bowlar, leikar i gymsalen på Bø, mm.

Møt opp ved Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø.

Påmelding til Hå kulturtorg innan 7. mai. 

Kostnad: Deltakaravgift for hausthalvåret: kr. 800,-.
Me tilbyr som regel eit lett måltid når aktiviteten startar.  
Utgifter som inngangspengar kan koma i tillegg.

Ta gjerne kontakt på tlf 51 79 35 30 om du har spørsmål.

INVITASJON A-laget og Vennegruppa 2021-22 (PDF, 155 kB)

SØKNADSSKJEMA A-LAGET OG VENNEGRUPPA 2021 22 (PDF, 172 kB)

 

UNG I JULI / BARN I JULI – sommaren 2021

Ung-i-juli-paraplyen samlar mange fritidstilbod i sommar.  Tilrettelagd fritid vil gi støtte slik at flest mogleg kan delta, og Hå kommune vil at du som treng tilrettelegging og følgje på grunn av nedsett funksjonsevne kan vere med på moroa.

TILRETTELAGT FRITID - UNG I JULI - GØY PÅ LANDET 2 (PDF, 114 kB)

 

KULTURKAFE
Kulturkafe for vaksne på Hå kulturtorg, Nærbø kvar torsdag og ein måndag kvar månad, kl. 18.30.

 

 


UNIKT TEATER
Interkommunal teaterverkstad på Klepp for unge og vaksne med utviklingshemming.
Gruppa vert driven i samarbeid mellom Time, Gjesdal, Klepp og Hå.


KULTURSKULEN 
Kulturskulen tilbyr tilrettelagt undervisning, mellom anna i musikk og visuelle kunstfag.


ANDRE TILBOD
Bowling, sommaraktivitetar og temakveldar for foreldre og støttekontaktar.

FØLGEKORT
Har du ei funksjonshemming som gjer at du treng følge for å delta på kulturaktivitetar, kan du søkje om følgekort / ledsagerbevis, søknadsskjema (PDF, 429 kB).
Søknadsskjema får du også hjå Hå kulturtorg, på helsesentera eller i Servicetorget på rådhuset.
Kontakt Per Henry Runde, Hå kulturtorg.


UNGDOMSKLUBB
For alle frå 8. klasse. 
Loen, kulturtorget, Nærbø – onsdag kl. 17.00 - 21.00.
Lensmannsløa, Varhaug – tysdag kl. 14.30 – 20.00.
Ogna skule – torsdag kl. 14.30 – 20.30.


LAG OG ORGANISASJONAR
gir mange tilbod til barn og unge.
Hå kulturtorg tilbyr oppfølging til deg som vil delta i t.d. idrettslag, ungdomslag, 4H, speidar, korps mm. 


TILSKOT
Organisasjonar som har rett til tilskot kan søke støtte til meirutgifter til inkludering på nærare vilkår. Lenkje til opplysningar om tilskotsordninga.


KONTAKT OSS
Kulturtorget, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Telefon: 51 79 35 30
E-post: post.kulturtorget@ha.kommune.no

Kartpunkt