Dagsenter for utviklingshemma

Aktiviteten på Nærbø og Vigrestad er eit dagtilbod for vaksne med utviklingshemming. 

Aktiviten  er eit tilbod for dei som treng aktivisering og tilsyn i kvardagen, der det vert gjeve moglegheiter for læring og utvikling. Sjølve tilbodet er gratis, men du må betala ein fast eigenandel for diverse aktivitetar. 

På Aktiviteten gjer vi mellom anna dette:

Samlingsstund med sang og musikk, gåturar/trim/basseng,  kjøkkenaktivitetar, enkle arbeidsoppgåver på bestilling, arbeidsoppgåver på garden på Lode (grøn omsorg) og arbeidsoppgåver i Nærbøparken.

Korleis får eg plass på Aktiviteten?

Du må senda inn søknad der du beskriv behovet ditt. For å få plass må du ikkje ha institusjonsplass, og du må ha behov for tilrettelagt fritid.

Søknadsskjema

Opningstider

07.45 - 15.15

Kontakt

Marianne Indreland Haugland
Leiar heimebuande funksjonshemma
Telefon: 51 79 30 00
Nina Fjelde
Leder

Kart

Fann du det du leita etter?