Aktiviten er eit tilbod for deg som treng aktivisering og tilsyn i kvardagen. Du kan vera med på aktivitetar og samlingar i våre lokale eller få hjelp til arbeidstrening og praksis på andre arbeidsplassar.
På Aktiviteten gjer vi mellom anna dette:
- Samlingsstund med sang og musikk
- Sanserom
- Gåturar/trim/basseng
- Matlaging
- Enkle arbeidsoppgåver på bestilling
- Arbeidsoppgåver på Lode ridesenter
- Arbeidsoppgåver i Nærbøparken.
- Arbeidsoppgåver på vaskeriet på Nærbø
- Arbeidsoppgåver i butikk
Korleis får eg plass på Aktiviteten?
Du må senda inn søknad der du beskriv behovet ditt. For å få plass må du ikkje ha institusjonsplass, og du må ha behov for tilrettelagt fritid.
Søknadsskjema