Eg er forelder

Alle elevar skulen har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Dersom du opplever at barnet ditt/ ungdommen din blir utsett for mobbing eller krenkingar, skal dette alltid meldast til kontaktlærarar og/ eller skuleleiinga på din skule.

Information in English and other languages to parents and pupils at the bottom of this page.

Klikk for stort bilete

Arbeidet med å forebygge mobbing krev engasjement og deltaking fra alle tilsette, elevar og foreldre. Vi ber deg og melde frå dersom du får kjennskap til at andre elevar blir mobba. Les meir om kva mobbing er, og kva du kan gjera, på nettstaden nullmobbing.no

Denne nettressursen er ein del av det systematiske arbeidet med å førebygge og handtere mobbing og krenkingar i Jærskulen. Under ”Fremme og førebygge” finn du informasjon og ressursar knytt til det viktige og kontinuerlege arbeidet med å skapa ein trygg, god og inkluderande skulekultur.

Under ”handtering” finn du informasjon og ressursar knytt til korleis saker om krenkingar og mobbing skal behandlast og løysast.

På heimesida til kvar skule i Gjesdal, , Klepp og Time vil det liggja ein raud knapp, kalla mobbeknapp. Her kan du som forelder melda frå om mobbing. Ved å gå til din skule og senda ei melding frå denne mobbeknappen, vil det gå ein e-post til rektor. Du kan sjølvsagt også kontakta skulen på telefon, e-post eller ved at du kontaktar ein tilsett på skulen.

Elevar og foreldre skal fyrst ta kontakt med skulen, men om dei ikkje vert høyrte på skulen kan dei ta kontakt med fylkesmannen direkte.

Fann du det du leita etter?