Facebookstrategi

3 Retningslinjene våre

Hovudregel: Fridom med ansvar

Følgande retningslinjer gjeld for alle som administrerer sider som er oppretta i Hå kommune sitt namn:

3.1 Roller, ansvar, profil og bodskap

Roller, ansvar, profil og bodskap

  1. Husk at me alltid representerer kommunen når me skriv og svarer på kommunen si facebookside.
     
  2. Innlegg som blir publisert eller delt på kommunen si facebookside, skal ikkje innehalda partipolitisk bodskap. Dei fire siste månadene før eit val skal facebookredaksjonen heller ikkje dela frå sider som formidler politiske meiningar (f.eks ordføraren si side).
     
  3. Me sensurerer som hovudregel ikkje kommentarar frå innbyggarar. Men dersom det er personhets eller utlevering av sensitive personopplysningar, skjuler me kommentarane.
     
  4. Me ønsker å legga ut informative og publikumsnyttige meldinger. Snakk om og til innbyggarane. Fokuser på kva eit vedtak eller ei teneste betyr for den enkelte innbyggar.
     
  5. Me vil engasjera, ikkje provosera. Bodskap for hovudet – innpakning for hjarta.
     
  6. Me framsnakkar og vil gjera innbyggarane i kommunen stolt av å bu i Hå. Det fremjer felles identitet med følgarane våre.
     
  7. Me saksbehandler aldri på nett. På spørsmål som krev saksbehandling, eller har verdi som dokumentasjon, gjer me innsendar merksam på kommunen si dokumentasjonsplikt. Etterpå formidlar me spørsmålet vidare til rette instans.
     
  8. Det er lov å ha det gøy på Facebook – bruk gjerne humor! Rett bruk av humor kan vera nøkkelen til viral spreiing av ein bodskap, og kan gjera sjølv den mest trivielle bodskapen meir interessant. Men ver varsam så humoren ikkje krenker eller støter nokon.
     
  9. Som hovudregel marknadsfører me ikkje same arrangement eller sak meir enn ei gong. Unntak er arrangement eller kampanjar med eigne kommunikasjonsstrategiar styrt frå kommunikasjons- og innovasjonsavdelinga.
     
  10. Ver i forkant og inviter med innbyggarane på arrangement, heller enn å dela bilete i etterkant.
     

3.2 Språk

  1. Skriv enkelt, kortfatta, uformelt, forståeleg og presist. Tenk munnleg kommunikasjon ført gjennom tastaturet. Bruk gjerne emojies. Det aukar spreiinga. Les meir om klart språk her: https://www.difi.no/fagomrader-og-tjenester/klart-sprak-og-brukerinvolvering/klart-sprak

3.3 Bilete og video

  1. Som hovudregel skal saker publiserast med anten bilete eller video. Eventuelt emojies.
     
  2. Video gir god spreiing og kan formidla meir enn tusen ord. Små animasjonsfilmar og videosnuttar treng ikkje vera vanskeleg å laga. Film litt med mobilen når du for eksempel er ute på anlegget, i brøytebilen, ute med hekksaksa eller på musikaløvinga.

 

  1. Når du bruker video, legg den inn på Facebook – ikkje del frå YouTube. Det gir betre spreiing.

 

  1. Hugs samtykke frå alle personar som kan identifiserast. Unntak er offentlege markeringar med større folkemengder som 17.mai-tog, konsertbilete og liknande.

 

  1. Mobilvideoar kan redigerast i appen Inshot. Animasjonar kan lagast i Biteable eller Animaker, som me har abonnement på.

 

 

3.4 Respons

  1. Me svarer på alle henvendelser.
     
    • Me svarer så raskt som mogleg (helst same arbeidsdag, seinast påfølgande).
    • Me er imøtekomande, uformelle, men likevel saklege. 
    • Me bruker du-form.
    • Me takkar for skryt.
    • Me prøver å ha korte dialogar.
    • Me rettar opp faktafeil.
    • Me skriv under med eige namn og kva avdeling/tenesteområde me jobbar ved.

3.5 Deling og lenker

  1. Er du redaktør på andre kommunale facebooksider? Då kan du invitera med Hå kommune (hovudsida) som medarrangør.
     
  2. Me deler ikkje saker frå sider som krev betaling (+saker), f.eks Jærbladet eller Stavanger Aftenblad, eller andre aviser/magasin med betalingsmur.
     
  3. Som hovudregel deler me bare arrangement der kommunen er arrangør eller medarrangør.
     
  4.  Dersom lenka dukkar opp som ein klikkbar boks under innlegget (når du ikkje legg inn eit bilete fyrst), kan du alltid sletta url-adressa etterpå. Lenka forsvinn ikkje.
     
  5. Skal du lenka til ei anna Facebookside, begynn med å skriva @, så vil sida dukka opp. Klikk på den – og vips så har du lenka klar!
     
  6. Ikkje lenk til eksterne sider med mindre du må. Dette svekker spreiingspotensialet. Lenker til kommunens egne sider er greitt. Sørg for at landingssida er riktig underside – ikkje forsida www.ha.no. Lag gjerne ein kortlink som for eksempel www.ha.no/renovasjon.

3.6 Auka rekkevidde

  1. Ei melding vil alltid få større organisk rekkevidde dersom den blir fremma. Dette skal dei ulike tenesteområda ordna og betala sjølv.
     
  2. Tidsstyr innlegg slik at relevant info kjem til rett tid. Å utsetja eit innlegg til ettermiddag /kveld (fram til kl. 21.00) eller helg, kan vera lurt for å spreia innlegga våre. 

 

  1. Du kan målretta innlegga til spesifikke målgrupper. Det er spesielt aktuelt ved fremming av stillingsannonsar.
     
  2. Innbyggarane er lydige. Dei gjer stort sett det me ber dei om. Me kan be dei om å lika, dela og tagga. Dette aukar rekkevidden. Bruk dette kreativt, men ikkje for ofte.
     
  3. Me inviterer alltid dei som har likt innlegget til å følga sida.