Servering av mat og drikke

Viss du skal starta ein serveringsstad med servering av mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. 

For å kunne søka om skjenkeløyve for alkohol, må du først ha serveringsløyve.

Korleis få serveringsløyve?

Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøven for å søka om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til verksemda som eig serveringsstaden.

Endringar i løyveperioden

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan vera fordi det skjer skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Dersom serveringsstaden vert overdregen til andre, fell serveringsløyvet vekk. For å unngå det, må du søka om nytt løyve innan 30 dagar etter overtaking. 

Desse dokumenta skal følga søknaden:

  • Skatteattest for søkar/eigar og andre med vesentleg tilknyting til drifta.
  • Teikning av serveringsstaden inne og ute.
  • Dokumentasjon av dagleg leiar si tilsetting ved serveringsstaden.
  • Stadfesting av godkjent etablerarprøve for dagleg leiar.
  • Kopi av leigekontrakt.
  • Ved overtaking av verksemda, må me ha kopi av avtale mellom ny og gammal eigar.

Korleis få serveringsløyve for matvogn? 

For å kunne ha ei mobil matvogn i Hå må følgande vera på plass:

  • Du må ha ei registrert bedrift med organisasjonsnummer.
  • Du må ha serveringsløyve i den kommunen der du driv servering
  • Du må ha ein avtale med grunneigar om lov til å nytta plassen til matvogna.

Dette gjeld dei som driv næring. Det vil ikkje gjelda frivillige lag og organisasjonar som sel mat som eit eingongstilfelle.

Behandlingstid

Forventa behandlingstid for serveringsløyve er åtte veker.