Viktig melding

Lukk meldinga

Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan, Plan 1185 Nye Loen, Nærbø

Kommunestyret i Hå kommune vedtok 13. desember 2018 å eigengodkjenne planen.

Vedtaket (088/18):
1. Med hjemmel i plan- og bygningslovens § 12-12 egengodkjennes Plan 1185, detaljregulering for Nye Loen, med tilhørende reguleringsbestemmelser.
2. Den del av reguleringsplanene 999 Lunden vedtatt 02.10.1986 som blir berørt av ny Plan 1185, detaljregulering for Nye Loen inkludert alle senere planendringer, delplaner og tilhørende bestemmelser, oppheves

Kva tyder dette?
Hå kommune har utarbeida ny detaljregulering for området Loen på Nærbø, eit område som inkluderer heile idrettsanlegget, Nærbø Ungdomsskole, Samfunnshuset og Kulturtorget, med eit totalt areal på ca 90 dekar.. 
Kommunestyret (13.12.2018) og Utval for tekniske saker og næring (22.11.2018) har no godkjent planen, slik at den blir grunnlag for utbyggjing i området.

Om detaljreguleringsplanen

Formålet med ny plan er å betre trafikktryggleiken i og til området, og sikre utbyggjingsgrunnlag etter gjeldande lovverk for framtidig utvikling av skule- og idrettsanlegga. Samt leggje til rette for langsiktig utvikling av området Loen, som ein viktig del av lokalsamfunnet på Nærbø i tilknytning til sentrum, primært som skule- og idrettsområde med samfunnshus. Utløysande faktor for planarbeidet er ynskje frå idrettslaget om å byggje fotballhall.
Hovudområdet som reguleres er eigd av Hå kommune, enkelte mindre områder eies er privateigde .  Dei private naboeigendomane 25/32, 25/33, 25/34, 25/35, 25/49 og 25/217 blir påverka i form av mindre arealjusteringer som nærare omtalt i kapittel 7 i planbeskrivelsen. Desse blir gjennomført i eigen prosess når kommunen/grunneigar tek initiativ til det.

Saksdokument

00 Saksprotokoll 13.12.2018 (PDF, 2 MB)
01 1185 Plankart (PDF, 562 kB)
02 1185 Planføresegner (PDF, 175 kB)
03 1185 Planbeskrivelse (PDF, 8 MB)

 
De finn alle vedlegga til sluttbehandling av planen her i møtesaka.
 

Vil du klage på planen?
Det kan klagast på planen, dei med klagerett har fått eige brev i posten. Klagen må begrunnast og sendast innan 24. januar 2019. Klagen må merkast med Plan 1185 Nye Loen, stilast til Fylkesmannen i Rogaland , men sendast til Hå kommune:
Hå kommune 
Tekniske saker og næring 
Postboks 24 
4368 Varhaug

eller epost : teknisk@ha.kommune.no

Korleis vert klaga behandla?
Klagen vert behandla i kommunen, får du medhald i klagen vert du kontakta av administrasjonen for vidare saksgang. Ved avslag sendes den vidare for endeleg avgjering hjå Fylkesmannen.

Ynskjer du meir informasjon?
Kontakt saksbehandlar i  Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren                                                  
Epost: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35

Du kan finna meir informasjon om klagebehandlinga i dette skjemaet. (PDF, 84 kB)