Vil du endra størrelse på eigedommen din?

Det er to ulike måtar å endre størrelsen på eigedommen på, alt etter kor stor endringa er:

Grensejustering

Mindre justeringar på grensene heiter grensejustering, og desse treng du ikkje søka om, eller tinglysa.

  • Det forutset at endringa er mindre enn 5% av den minste tomta, eller mindre enn 500 kvm.
  • Eigedommane må også vera regulert til same formål, sjå reguleringsplan på eByggweb.
  • Om eigedommane ikkje er regulerte til same formål, for eksempel veg og bustad, må du søka om løyve til dette etter plan- og bygningslova.
  • I tillegg kan ikkje grensejusteringa endra verdien på nokon av eigedomane med meir enn grunnbeløpet i folketrygda.

Grensejustering

Kva får du?
  • Offentleg godkjente grensemerke blir sett ned der det er mogleg.
  • Du får matrikkelbrev for eigedommen.
Kven kan søka?

Den som ønsker å justera grensa på eigedomen sin, må senda inn søknad. Søknaden må signerast av alle eigarar av dei involverte eigedomane.

Kva kostar det?
  • Areal frå 0 – 250 m²: 8 000 kroner
  • Areal frå 251 – 500 m²: 10.500 kroner
Slik søker du

Dette må du legge ved søknaden

Kva skjer vidare etter du har søkt?
  • Me tek kontakt med deg og avtaler tidspunkt for oppmøte og oppmåling. 
  • Me gjennomfører ei oppmålingsforretning. 
  • Partene skriv under avtale om grensejustering i samband med oppmålingsforretninga, som blir utarbeida av ansvarleg landmålar frå kommunen.

 

Arealoverføring

Dersom arealet du ønsker å justere er større enn 500kvm eller 5% av den minste eigedommen, heiter dette arealoverføring. Arealoverføring er et søknadspliktig tiltak, og krever løyve. Dersom søknaden blir godkjent, blir saka sendt vidare til ein landmålar frå kommunen for vidare gjennomføring.

Arealoverføring

Kven kan søka?

Det er eigarane av dei to involverte eigedommane som kan søka om arealoverføring. 

Kva får du?

Du får oppmålt, vist og merka eiendomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg. Dei nye eigedomsgrensene blir registrert i eigedomsregisteret, og du får tilsendt oppdatert matrikkelkart.

Korleis går du fram?

Søknadsprosessen ved ei arealoverføring består av to trinn: 

1. Du må søka til byggesaksavdelinga om arealoverføring

Dette må du legga ved søknaden:

Slik søker du: 

2. Du må bestilla oppmålingsforretning hjå oppmålingsavdelinga

 

Kva skjer etter at du har søkt?

Når søknaden er godkjent av byggesaksavdelinga, og skjema om oppmåling er bestilt, tek me kontakt med deg. 

 

 

 

Kva kostar det?
  • Areal frå 0 – 500 m²: 10.500 kr
  • Areal frå 501 – 1000 m²: 13.000 kr
  • Areal frå 1001 m2 – 2000 m²: 15 500 kr
  • Areal frå 2001 m2 – auke pr påbegynt dekar: 650 kr

I tillegg må du betala gebyr for byggesaksbehandling, dokumentavgift og tinglysingsgebyr.  

Fann du det du leita etter?