Landbruksplan

 Klikk for stort bilete Meiner du noko om landbruket i Hå? Kva tenkjer du om matproduksjon i framtida?

Hå kommune startar arbeidet med kommunedelplan landbruk. Planen skal leggja føringane for kommunen sin landbrukspolitikk framover.

 

 

 

Du kan koma med innspel

Har du meiningar om framtidig matproduksjon og arealdisponering, om kva omdøme Hå-landbruket treng i framtida, innspel til planarbeidet eller merknader til planprogrammet ?   Merk det med «Landbruksplan», og send det til: (PDF, 2 MB)

Hå kommune, Tekniske saker og næring, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.  Eller på e-post: landbruk@ha.kommune.no

Innan 2.mars 2020   For meir informasjon: www.ha.no/kunngjeringar

 

Me treng di meining! Vil du ha gjestebod?

Ein gjestebodvert inviterer ei gruppe heim til seg og diskuterer tema frå planen. Les mer om gjestebod her.

Verten vil få tilsendt materiell og tema i forkant av møtet.

Meld deg som gjestebod  på e-post: landbruk@ha.kommune.no

Har du spørsmål? Ta kontakt med saksbehandlar Tone Lillemo på telefon: 51 79 31 05