Kart

Her får du tilgang til oppdaterte kommunale kartdata. 

Kart

Kommunen sin kartportal

Kommunen sin kartportal viser kart på to ulike måtar: ein enkel versjon og i ein avansert versjon. Er du privatperson, tilrår me at du nyttar den enkle, som òg er tilpassa mobil og nettbrett. Kartportalen gjev lett tilgang til gjeldande kommuneplan, gjeldande reguleringsplanar, reguleringsplanar under arbeid, byggesaker og eigedomskart

Enkel kartportal

Den avanserte versjonen er retta mot profesjonelle og spesielt interesserte, og inneheld fleire funksjonar. 

Avansert kartportal

Situasjonskart

Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Nå du søkar om eit tiltak, treng du eit situasjonskart for å teikna inn kva du skal gjera på eigedommen. Me leverer situasjonskart i målestokk 1:500.

Bestill situasjonskart her

Finn informasjon om eigedommar

Lurer du på kven som er registrert som eigar, kva hefte som er tinglyst på ein eiendom, eller kor eiendomsgrensene er teikna inn i matrikkelkartet, kan du finna opplysningane på seeiendom.no. Du kan også bestilla grunnboksutskrift eller kopi av tinglyste dokument.

Vil du heller finne ein eigedom i kartet? Gå til norgeskart.no

 

Bestilling av digitale (vektoriserte) kartdata

Digitale kartdata i ulike format kan bestillast på kommunen sin kartportal. Desse kan nyttast til å laga ulike kart og 3D-modellar.

Norge i bilder

Norge i bilder viser flyfoto frå heile landet. Her har du historiske flybilde, slik at du kan sjå korleis eigedommen eller tettstaden har utvikla seg over tid.

Besøk Norge i bilder her

Temakart Rogaland

Hovedmålet med Temakart Rogaland er å gi tilgang til ei rekke tematiske geodata frå ulike kjelder.
Besøk Temakart Rogland her