Bilete

Tomtesal Stokkalandsmarka aust

Stokkalandsmarka skal bli den nye store tettstaden sør i Hå kommune. Området ligg rett aust for Brusand med flott utsikt mot Jærhavet og med lett tilgang til store friluftsområder som Haugstadskogen og Jærstrendene.

I kommuneplanen er det sagt at området skal vere eit hovudsatsingsområde for bustadbygging i åra framover. Det er førebels sett av utbyggingsareal for ein tettstad som kan få opp mot 6 – 8 000 innbyggjarar.

Visjon Stokkelandsmarka - Klikk for stort bilete Området er under utvikling. I løpet av sommaren vil anleggsarbeida få ny hovudveg fram til ny barnehage, skule og sentrumsområde starte. Planarbeidet for vidareføring av vegen ned til fv 44 nord for Brusand held fram for fullt. Ny jernbanestasjon i gangavstand for dei nye utbyggingsområda er planlagt. Reisetida med tog til Stavanger er i dag ca. 50 minutt og til Bryne ca. 20 minutt.

Hå kommune er ein stor landbrukskommune som legg sterk vekt på jordvern. Framover vil derfor krava til høg arealutnytting medføre at størstedelen av bustadbygginga i dei andre tettstadane vil kome som rekkehus og blokker. I Stokkalandsmarka vil det bli eit vesentleg innslag av einebustadtomter. I denne omgang kan kommunen tilby 29 byggeklare tomter.
 

Totalprisen inkluderer kostnader til matrikkelbrev (kr 16025) og tinglysningsgebyr (kr 25000).

Sjå vedtak om tomtepriser (PDF, 88 kB) for bakgrunn for prissetting.

I Stokkalandsmarka er det bygd mykje, men det skal byggjast meir. Sjå gjerne kartet som syner noverande og planlagt utbygging (PDF, 2 MB), henta frå kommuneplanen 2014 - 2028.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?