Ungt miljø, godt naboskap

- Me har åtte vennepar som har slått seg til her, fortel Bjarte Egeland.

Klikk for stort bilete

- Me slepp å reke rundt over haug og hammar til kvarandre, her snakkar me om ein liten spasertur.

Når det er sagt, så er det jo noko eige med å ha så mange andre flotte folk rundt seg. Det er som om me har vore kjende i årevis. Ta til dømes då eg nå i sommar gjekk ute og sulla med riva, i det som ein gong skal bli hagen vår. Då var det fint lite eg fekk gjort. Folk samla seg rundt meg, barn og vaksne, for å prate og bli kjende. Dei brydde seg, var interesserte i oss, bydde på seg sjølv. Slikt er jo ikkje kvardagskost. Reint triveleg var det. Hagen vert nok ferdig ein dag, det har ingen hast, seier  Egeland.

 

- Me har fått ein god start, seier Marie Lilledal oppglødd.

- Me er glade for at vi har blitt så godt mottekne. Drøymehus er ein ting, men eit godt naboskap kan ingen ta for gitt. Og om eit halvår, når vårsola sprett, er det vår tur til å rusle hagelangs med barnevogn, og utvida nabokrinsen endå nokre hakk. Me gler oss til tida som kjem.

Fann du det du leita etter?

Prisinformasjon

Pris:

1 000 000,- *

* Pris eks. 2,5% dokumentavgift, matrikkelbrev og tinglysing

Tomteareal:

450-600m2

Type:

Bustadtomt (Sjølveigar)

Kontakt

Servicetorget i Hå kommune
51 79 30 00 

E-post: servicetorg@ha.kommune.no

Om Stokkalandsmarka

Stokkalandsmarka er eit hovudsatsingsområde for bustadbygging i åra framover.
Det er førebels sett av utbyggingsareal for ein ny tettstad mellom Vigrestad og Brusand som kan få opp mot 6 – 8 000 innbyggjarar i feltet

Området har flott utsikt mot Jærhavet og med lett tilgang til store friluftsområder som Haugstadskogen og Jærstrendene.

 

Klikk for stort bilete

 

 

Klikk for stort bilete