Fekk bygd drøymehuset sitt, på drøymetomta

Klikk for stort bilete

- Det hender eg må klype meg i armen, seier Marie.

- Eg kjenner meg så privilegert, så heldig. Me har fått drøymehuset vårt, på drøymetomta. Det er nesten for godt til å vere sant. Slikt kunne me aldri ha fått til andre stader.

Å få vere med på å bygge sitt eige hus, har vore ein fantastisk prosess.

Så heldige som me har vore, tenker eg på kvar einaste dag. At me skulle kome til dette, er som å ha vunne i Lotto.

- All honnør til kommunen, legg Bjarte til. - Me kom nærast til duk og dekka bord. Og når me søkte og sendte inn teikningane våre, var det ingen diskusjonar. Det var berre å sette i gang. Og sidan eg sjølv er utdanna tømrar, vart det til at me gjorde mesteparten sjølv. 1 1/2 år brukte me. Litt lenger tid, kan hende, men så er me til gjengjeld kjempefornøgd med resultatet. Har du sett utsikten forresten? Den er til å fortape seg i.

Ungt miljø, godt naboskap

Klikk for stort bilete- Me har åtte vennepar som har slått seg til her, fortel Bjarte. - Me slepp å reke rundt over haug og hammar til kvarandre, her snakker me om ein liten spasertur. Når det er sagt, så er det jo noko eige med å ha så mange andre flotte folk rundt seg. Det er som om me har vore kjende i årevis. Ta til dømes då eg i sommar gjekk ute og sulla med riva, i det som ein gong skal bli hagen vår. Då var det fint lite eg fekk gjort. Folk samla seg rundt meg, barn og vaksne, for å prate og bli kjende. Dei brydde seg, var interesserte i oss, bydde på seg sjølv. Slikt er jo ikkje kvardagskost. Reint triveleg var det. Hagen vert nok ferdig ein dag, det har inga hast.

- Me har fått ein god start, seier Marie oppglødd. - Me er glade for at me har blitt så godt mottekne. Drøymehus er ein ting, men eit godt naboskap kan ingen ta for gitt. Og om eit halvår, når vårsola sprett, er det vår tur til å rusle hagelangs med barnevogn, og utvide nabokrinsen enda nokre hakk. Me gler oss til tida som kjem.

Fann du det du leita etter?

Prisinformasjon

Pris:

1 000 000,- *

* Pris eks. 2,5% dokumentavgift, matrikkelbrev og tinglysing

Tomteareal:

450-600m2

Type:

Bustadtomt (Sjølveigar)

Kontakt

Servicetorget i Hå kommune
51 79 30 00 

E-post: servicetorg@ha.kommune.no

Om Stokkalandsmarka

Stokkalandsmarka er eit hovudsatsingsområde for bustadbygging i åra framover.
Det er førebels sett av utbyggingsareal for ein ny tettstad mellom Vigrestad og Brusand som kan få opp mot 6 – 8 000 innbyggjarar i feltet

Området har flott utsikt mot Jærhavet og med lett tilgang til store friluftsområder som Haugstadskogen og Jærstrendene.

 

Klikk for stort bilete

 

 

Klikk for stort bilete