Ein av dei nyaste barnehagane i kommunen

- Ja, og heilt sikkert den desidert kjekkaste, smiler barnehagestyrar Astrid Skretting.Klikk for stort bilete

- Her kjenner alle barna kvarandre frå før av. Dei er naboar og vener, leiker saman i gatene og rundt om på leikeplassane. Slik sett er me heldige. Det er godt å vekse opp her, barna har mange på sin eigen alder og går godt i hop.

Stokkalandsmarka barnehage blei bygd i 2011, har åtte avdelingar med plass til totalt 120 barn. Det er ein flott barnehage, med ein pedagogikk som får det beste ut av barna.  Men nå i år har dei ikkje klart å fylle opp plassane. Kvifor?

- Det er ein trend det der, seier Astrid. - Fleire og fleire familiar ønsker nå å ha ein heimeverande, finne roen og heller la barna vere heime. Det har litt av bygda i seg, på mange måtar. Akkurat det ser eg og i måten folk engasjerer seg på i dette vesle lokalsamfunnet. Dei bryr seg om kvarandre og har ein fantastisk evne til å dra i gang ting som kan gagne det sosiale miljøet. Dugnadar, faste samankomster, grillfestar og så vidare.

Slikt ligg det mykje rikdom i.

Det er med andre ord barnehageplass til alle i Stokkalandsmarka nå i dag. Ein ny barnehage er allereie på teiknebrettet for å møte nye kull med barn etterkvart som området vert utvikla. Det skal i alle fall ikkje stå på det kommunale tilbodet. Det er eineståande bra.

Fann du det du leita etter?

Prisinformasjon

Pris:

1 000 000,- *

* Pris eks. 2,5% dokumentavgift, matrikkelbrev og tinglysing

Tomteareal:

450-600m2

Type:

Bustadtomt (Sjølveigar)

Kontakt

Servicetorget i Hå kommune
51 79 30 00 

E-post: servicetorg@ha.kommune.no

Om Stokkalandsmarka

Stokkalandsmarka er eit hovudsatsingsområde for bustadbygging i åra framover.
Det er førebels sett av utbyggingsareal for ein ny tettstad mellom Vigrestad og Brusand som kan få opp mot 6 – 8 000 innbyggjarar i feltet

Området har flott utsikt mot Jærhavet og med lett tilgang til store friluftsområder som Haugstadskogen og Jærstrendene.

 

Klikk for stort bilete

 

 

Klikk for stort bilete