Det er stort å få vere med og forme sitt eige nærmiljø

Familien Eiken var ein av dei første som slo seg ned her i eit mindre hus, like nedanfor der dei bur i dag.  Då kommunen la ut nye tomter, var dei ikkje seine om å plukke ut drøymeplassen sin. Og nyehuset, det ruver majestetisk oppe i åsen, med vidsyn ut over området.

- Du får meir for pengane her, seier Tor Johan. Han kjem opphavleg frå ein endå mindre plass i traktene ved Larvik.

- Med rimelege tomter, får du råd til å legge litt ekstra i huset. Samstundes er det litt meir nedpå, meir avslappa og ein god plass å vere. Me stortrivst, seier han.  - Det einaste er at me er prisgitt bilen. Akkurat nå er det berre skulebussen som går til og frå her, men før eller seinare kjem det vel eit utvida tilbod, vil eg tru. Ein ny og brei riksveg er dessutan på beddingen, og vil korta reisetida til Bryne og Stavanger.

- Borna har det framifrå, med leikekameratar på kvart eit hjørne. Det beste av alt er at dei heller vil vere ute enn inne. Det seier jo ikkje så reint lite om trivselen. Eg trur det er bra for dei som veks opp.

- Me har ikkje tal på kor mange vener me har, skyt Eline inn. -  Men dei er mange. Det er berre å gå ut døra, så treff me dei i gata eller på leikeplassen. Me liker å vere ute. Det er det beste, det er så mykje å finne på.

Fann du det du leita etter?

Prisinformasjon

Pris:

1 000 000,- *

* Pris eks. 2,5% dokumentavgift, matrikkelbrev og tinglysing

Tomteareal:

450-600m2

Type:

Bustadtomt (Sjølveigar)

Kontakt

Servicetorget i Hå kommune
51 79 30 00 

E-post: servicetorg@ha.kommune.no

Om Stokkalandsmarka

Stokkalandsmarka er eit hovudsatsingsområde for bustadbygging i åra framover.
Det er førebels sett av utbyggingsareal for ein ny tettstad mellom Vigrestad og Brusand som kan få opp mot 6 – 8 000 innbyggjarar i feltet

Området har flott utsikt mot Jærhavet og med lett tilgang til store friluftsområder som Haugstadskogen og Jærstrendene.