Den nye, store tettstaden i Hå kommune

Plankart Stokkelandsmarka aust - Klikk for stort bilete

Stokkalandsmarka er enno i startgropa. Til no er det rundt rekna reist tre hundre bustader på det veldige området. Og det er einebustader alle som ein, store og rommelege, bygd etter draumen til familiane som bur her. Når området står ferdig utbygd, vil det etter planen vere heimstaden til 6-8000 menneske. I desse dagar er gravemaskinane i full sving med å grave ut den nye skuletomta, idrettshallen og gjere plass til eit heilt nytt sentrumsområde, med butikkar og alt som må til for å gjere Stokkelandsmarka til den beste staden på jord. Ny infrastruktur er under bygging, med vegar og ny jernbanestasjon som vil korte reisetida til både Bryne og Stavanger.

Nyttig å vite

Fann du det du leita etter?

Prisinformasjon

Pris:

1 000 000,- *

* Pris eks. 2,5% dokumentavgift, matrikkelbrev og tinglysing

Tomteareal:

450-600m2

Type:

Bustadtomt (Sjølveigar)

Kontakt

Servicetorget i Hå kommune
51 79 30 00 

E-post: servicetorg@ha.kommune.no

Om Stokkalandsmarka

Stokkalandsmarka er eit hovudsatsingsområde for bustadbygging i åra framover.
Det er førebels sett av utbyggingsareal for ein tettstad som kan få opp mot 6 – 8 000 innbyggjarar.

Området ligg rett aust for Brusand med flott utsikt mot Jærhavet og med lett tilgang til store friluftsområder som Haugstadskogen og Jærstrendene.

 

reserver_tomt_her

 

 

banner_nye_tomter