Skjenking av alkohol på arrangement

Du må søka om skjenkeløyve til arrangementet ditt dersom:

  • Du tek betalt for alkohol på arrangementet (direkte eller indirekte).
  • Utleigar står for ein større del av arrangementet enn å leiga ut lokala, for eksempel utvask eller matservering.
  • Arrangementslokalet har løyve for matservering.


Det er to typar skjenkeløyve for arrangement: Lukka selskap og enkeltarrangement. Søk om det som passar for deg.


Lukka selskap

  • I utgangspunktet tenkt brukt ved for eksempel bryllaup, fødselsdagar og andre arrangement med eit bestemt formål, der gjestene er personleg invitert.
  • Det hadde vore naturleg om arrangementet hadde vore halde heime, men på grunn av plassmangel leiger du eit lokale.
  • Alle gjestene har ei tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet.
  • Arrangementet kan ikkje vera annonsert i media, på plakatar eller via sosiale media. 

Søknadsfristen er seinast ei veke før arrangementet.

I Hå kommune sine alkoholpolitiske retningslinjer, står det blant anna at følgande ikkje er lukka selskap:

  • "Veners-venersfest".
  • Arrangement som inkluderer vener til laget sine medlemmar.
  • Arrangement der personar som ikkje er knytt til arrangør kan melda seg etter kunngjering.

Kjem arrangementet ditt inn under dei tre siste kategoriane, (og dermed ikkje er eit lukka selskap) bør du søka om skjenkeløyve til eit ope arrangement.

Enkeltarrangement

  • Gjestene har skrive seg på ei liste, kjøpt billettar, eller er inviterte av vener, via annonsar, plakatar eller sosiale media.

Søknadsfristen er seinast to veker før arrangementet. Når søknaden er sendt inn, hentar saksbehandlarane inn kommentarar frå politi, brannvesen og sosialtenesta.

OBS! For å få skjenkeløyve til eit enkeltarrangement, må skjenkestyrar ha bestått kunnskapsprøve.

Pris

  • For lukka selskap er gebyret 360 kroner pr gong.
  • For enkeltarrangement med inntil 150 personar, er gebyret 360 kroner pr gong.
  • For enkeltarrangement med meir enn 150 personar, er gebyret 2260 kroner pr gong.

Søk om skjenkeløyve her (digitalt skjema)

Fann du det du leita etter?