Servering av mat og drikke

Om du skal starta ein serveringsstad med servering av mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. 

For å kunne søka om skjenkeløyve for alkohol, må du først ha serveringsløyve.

Korleis få serveringsløyve?

Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøven for å søka om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til verksemda som eig serveringsstaden.

Endringar i løyveperioden

Dersom det skjer endringar i drifta i løpet av dei fire åra salsløyvet gjeld for, til dømes skifte av styrar eller endring av eigarar, krev me ofte ny godkjenning eller nytt løyve.

Dersom andre tek over verksemda, fell salsløyvet vekk. For å unngå det, må du søka om endring/nytt løyve innan 30 dagar etter overtaking.

Desse dokumenta skal følga søknaden:

  • Firmaattest for alle firma som er involverte i drifta.
  • Skatteattest for søkar/eigar og andre med vesentleg tilknyting til drifta.
  • Teikning av serveringsstaden inne og ute.
  • Dokumentasjon av dagleg leiar si tilsetting ved serveringsstaden.
  • Stadfesting av godkjent etablerarprøve for dagleg leiar.
  • Kopi av melding til Mattilsynet.
  • Kopi av leigekontrakt.
  • Ved overtaking av verksemda, må me ha kopi av avtale mellom ny og gammal eigar.
  • Kopi av bruksløyve frå bygningsstyresmaktene.

Søk om serveringsløyve her (digitalt skjema)

 

Sist endra 04.01.2017
Fann du det du leita etter?