Bilete

Sal av alkohol

Butikkar som skal selja alkohol, må søka om salsløyve.

Salsløyve gjeld for drikke med maksimalt 4,7 % alkohol. Bensinstasjonar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Løyvet kan tildelast for fire år om gongen, og er gyldig til 30. september året etter at det er sett nytt kommunestyre. 

Korleis få salsløyve?

Det er personen eller verksemda som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken, som kan få løyve. For kvart løyve, skal det utpeikast ein styrar og ein vara. Begge må ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova, vera over 20 år, arbeida i den aktuelle verksemda, og elles oppfylla krava til vandel i alkohollova.

Endringar i løyveperioden

Dersom det skjer endringar i drifta i løpet av dei fire åra salsløyvet gjeld for, til dømes skifte av styrar eller endring av eigarar, krev me ofte ny godkjenning eller nytt løyve.

Dersom andre tek over verksemda, fell salsløyvet vekk. For å unngå det, må du søka om endring/nytt løyve innan 30 dagar etter overtaking.

Kva kostar det?

Kvart år må alle som har eit salsløyve, betala eit gebyr til kommunen. Gebyret blir rekna ut frå kor stor alkoholomsetnaden er venta å vera.

Kor lang er saksbehandlingstida?

Det er utval for helse- og sosialsaker som gir faste skjenkeløyve. Derfor er tida for behandling av søknadane avhengig av datoar for politiske møte. Saksbehandlingstida kan dermed vera opp til fire månadar.

Desse dokumenta skal følga søknaden:

  • Teikningar av salsstaden i A4-format. Salsarealet skal vera skravert.
  • Firmaattest for alle selskap som er involverte i drifta av staden.
  • Kopi av leigekontrakt/ framleigekontrakt.
  • Kopi av bestått kunnskapsprøve i Alkohollova for styrar og vara.
  • Ei stadfesting på at dei tilsette er innmeldt i arbeidstakarregisteret, og at dei har lovlege arbeidskontraktar.

Søk om salsløyve her (digitalt skjema)

Sist endra 09.01.2017
Fann du det du leita etter?