Omsetningsoppgåve og løyvegebyr

Alle som har sals- eller skjenkeløyve må kvart år betala eit gebyr til kommunen. Fristen for å levera omsetningsoppgåva er 10. februar.

Korleis levera omsetningsoppgåva?

Styreleiar eller dagleg leiar i selskapet fyller ut og sender inn eit digitalt skjema. Personar med fullmakt kan også senda inn skjemaet. Dersom du har fleire løyve, må du senda inn eitt skjema for kvar sals- eller skjenkestad.

Her kan du levera omsetningsoppgåva (digitalt skjema)

 

Kor stort vert løyvegebyret?

Størrelsen på løyvegebyret er avhengig av kor mykje alkohol staden selde året før, og kor mykje staden forventar å selja dette året. Gebyret utgjer 1570 kroner per år for daglegvarehandel og minimum 4900 kroner per år for skjenkestadar. Satsar for gebyret finn du i alkoholforskrifta.

 

Faktura

Kommunen sender ut faktura når omsetningsoppgåva er motteken.

 

Sist endra 26.01.2017

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?