Kunnskapsprøve for sals- og skjenkeløyve

Det er to typar kunnskapsprøvar: Ein for salsløyve i butikk, og ein for skjenkeløyve på serveringsstad.

Kven kan ta kunnskapsprøve?

Alle kan ta kunnskapsprøvane. Dersom du skal bli godkjend som styrar eller vara på stader med sals- eller skjenkeløyve, må du ha bestått prøven. Du må i tillegg ha fylt 20 år.

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner å ta kunnskapsprøven.

Korleis går du fram for å ta prøven?

Kunnskapsprøven er ein elektronisk fleirvalsprøve arrangert av Skjenkekontrollen. For å ta prøven må du melda deg på her.

Du kan lesa meir om kunnskapsprøven på Skjenkekontrollen sine nettsider.

Pensum

Salsløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter.

Skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter.

Det finst bøker og anna læremateriell som inneheld det du treng vita før kunnskapsprøvene, til dømes på vinn.no.

Sist endra 21.12.2016

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?