Bilete

Skjenkeløyve - Klikk for stort bilete Tord Paulsen

Fast løyve til å skjenka alkohol

Dersom du driv ein serveringsstad med serveringsløyve, og ønsker å servera alkohol, må du søka om skjenkeløyve.

Du kan få løyve for fire år om gongen, og det er gyldig til 30. september året etter at det er sett nytt kommunestyre. 

Løyvet kan gjelda

  • Drikke med alkoholinnhald over 2,5 % og maksimalt 4,7 %
  • Drikke med alkoholinnhald på maksimalt 22 %
  • All drikke med alkohol.

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar, endring i driftskonsept, eller endring i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda vert overdregen til andre. Verksemda kan likevel fortsetta på det tidlegare løyvet i inntil tre månadar, men då må kommunen få beskjed om dette. Det må søkast om nytt løyve så snart som råd, og seinast innan 30 dagar etter overtaking.

Korleis få skjenkeløyve?


For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein vara. Begge må ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova, vera over 20 år, arbeida i den aktuelle verksemda. Dei må dessutan oppfylla krava til vandel i alkohollova og serveringslova.

Alle som vil bli godkjende som dagleg leiar/styrar ved stader som har eller skal søka om skjenke- og serveringsløyve, må ha bestått etablerarprøven.

Kva kostar det?


Kvart år må alle som har eit skjenkeløyve, betala eit gebyr til kommunen. Gebyret blir rekna ut frå kor stor alkoholomsetninga er venta å vera.

Kor lang er saksbehandlingstida?

Det er utval for helse- og sosialsaker som gir faste skjenkeløyve. Derfor er tida for behandling av søknadane avhengig av datoar for politiske møte. Saksbehandlingstida kan dermed vera opp til fire månadar.

Desse dokumenta skal følga søknaden:

  • Firmaattestar for alle selskapa som er involverte i drifta.
  • Skatteattest for driftsselskapet.
  • Leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at søkar disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om.
  • Teikning av inneareal der skjenkearealet er skravert.
  • Sett mål på teikning for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og vara har bestått kunnskapsprøven om alkohollova.
  • Etablerarprøven for dagleg leiar.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og vara si tilknyting til staden.
  • Før eit løyve kan tas i bruk, må bruksløyve frå bygningsstyresmakter vera dokumentert.
  • Andre dokument som skal leggast ved er dokumentasjon på at dei tilsette er innmelde i arbeidstakarregisteret, men dette treng ikkje sendast før skjenkeløyvet vert teke i bruk.

Søk om fast skjenkeløyve her (digitalt skjema)

Sist endra 09.01.2017
Fann du det du leita etter?