Offentleg ettersyn, Endring av områdeplan 1107B Område ved Varhaug skule

Utval for tekniske saker og næring, vedtok i møte 27. september 2018, å ta planforslaget opp til behandling og leggja det ut til offentleg ettersyn. Planforslaget kan påverka din eigedom.

UTN- 103/18 Vedtak:
Områdereguleringsplan for område mellom Ånestadvegen – Buevegen – Skulegata og Dublandsvegen legges ut til offentlig ettersyn iht. plan- og bygningslovens §12-10. Rådmannen skal før sluttbehandlinga i utvalet sørge for at innhaldet i planen og framstillinga blir digitalisert og kvalitetsikra og at eventuelle mindre suppleringer og justeringer blir gjordt.

Bakgrunn
Planforslag 1107B er ei endring av del av gjeldande kommunal områdeplan 1107A. Endringa omfattar  eit område på 29,4 dekar, i kvartalet Ånestadvegen-Dublandsvegen-Skulegata-Buevegen. Det blei varsla oppstart 4./23. oktober 2017, planområdet er redusert i høve til det som blei varsla. Gjeldande regulering er bustad, veg, offentleg/privat tenesteyting og friområde.
Rekkjefølgjekrava i plan 1107 oppfattes som tunge. Formannskapet behandla prinsippsak om rekkjefølgjekrav i sak  063/15, 23.06.2015, og gjorde dette vedtaket:
1. Utgreiing om bruk av rekkefølgjekrav og utbyggingsavtaler tas til orientering.
2. Rådmannen blir bedt om å utarbeide eit alternativt forslag til reguleringsplan for planområdet for plan 1107 der Dublandsvegen blir nytta som hovudsamleveg i området. Eit siktemål med planarbeidet må vere å redusere omfanget av rekkefølgjekrav slik at ei gradvis fornying og utbygging av bustadkvartala innan planområdet kan gjennomførast.

Om planforslaget
Formålet med planen er å endre planlagt trafikkavvikling og å redusere omfanget av rekkjefølgjekrav i området. Nokre endringar og presiseringar er og gjort i kart og føresegner for byggjeområda i planområdet, som følgje av desse endringane. Maks byggehøyde og formål (td. blokk) er uendra frå gjeldande plan.
Planforslaget er i hovudsak utarbeida av COWI AS på vegne av Hå kommune, dei har og laga ein trafikkanalyse som ligg til grunn.

Plandokument
Etter vedtaket i UTN, er framstillinga av planføresegnene endra, slik at det er skilt mellom føresegner som blir erstatta (strykt), og dei som ikkje er rekna som relevante for planområdet, men blir videreført i den komplette områdeplanen (blå). Nye føresegner og endringar er vist med grøn skrift.

Har du innspel og merknader til planforslaget? 
Merk dei med plannummer 1107B og send skriftleg til:

Hå kommune
Tekniske sakar og næring
Postboks 24
4368 Varhaug  

Eller e-post til teknisk@ha.kommune.no

Fristen for å koma med innspel og merknader er 3. desember, 2018.

 

Gjeldande reguleringsplan 1107A
Gjeldande reguleringplankart (PDF, 2 MB)
Gjeldande føresegner (PDF, 87 kB)
Gjeldande planbeskrivelse (PDF, 3 MB)

 

Har du spørsmål om planforslaget?
Ved spørsmål eller kommentarar til planarbeidet, ta kontakt med Eirik Sør-Reime.
E-post: eisr@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 25
Alternativt Rolf Aleksander Svensen Mellgren, rasm@ha.kommune.no 51 79 31 35.
Sjå og skriv om saksgang ved regulering (PDF, 154 kB)

Fann du det du leita etter?