Viktig melding

Lukk meldinga

Tjemslandsmarka industriområde / Varhaug

Dronefoto Tjemslandsmarka. Foto - Klikk for stort bilete

Her har Hå kommune cirka 60.000 m2 nytt og rimeleg næringsareal for sal. Næringsområdet er opparbeidd med veg, vatn, avløp og anna infrastruktur.

I Tjemslandsmarka kan arbeidsintensive bedrifter kjøpa næringstomter. Det er lagt opp til ei fleksibel tomteinndeling for å imøtekoma bedriftene sine behov og ønsker om storleik på tomtene.

Ønsker du meir informasjon om området - sjå kart og føresegner på denne sida, eller ta kontakt.

På Varhaug er det eit aktivt næringsliv, ved Tjemslandsmarka og området rundt er det i dag fleire solide bedrifter, mange av bedriftene her er knytte opp mot bygg og anlegg, landbruk, matforedling og vedlikehald av bil.

Varhaug har gode samband til regionen. Med tog kjem du til Stavanger og Sandnes på under 30 minutt. Til Egersund bruker du cirka 20 minutt.

Det er òg gode vegsamband via fv44 og E39 til området.

 

Kart over næringsområdet. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

 
 

Kartpunkt