Bilete

næring topp.jpg - Klikk for stort bilete

Næring i Hå kommune

Gjennom ein aktiv næringspolitikk ønskjer Hå kommune å leggje til rette for eit aktivt og mangfaldig næringsliv i kommunen. Det er i dag ca. 8000 arbeidsplassar i Hå kommune.

Eit mangfaldig næringsliv er viktig for å utnytte ressursane til innbyggarane som bur i kommunen og i regionen. Hå kommune har gjennom tidene lagt aktivt til rette for næringslivet ved å tilby næringsområder i heile kommunen. Hå kommune har i dag fleire næringstomter for sal i kommunen.

Veksten i folketalet gjer det nødvendig å legge til rette for nye arbeidsplassar. Seinare tids utvikling viser at det har vakse fram ei rekke industribedrifter samtidig som det har kome eit mangfald av bedrifter knytte til oljenæring, bygg, anlegg og servicenæring. Utviklinga har ført til auka etterspurnad etter utbyggingsareal til næringsformål i Hå, særleg rundt tettstadene Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Stokkalandsmarka, men òg i Sirevåg. Kviamarka har status som regionalt område for næringsmiddelindustri.

Kommunen har som mål å avlaste presset på landbruksjord rundt tettstadene i nord med å tilby næringsareal i Kviamarka, Vigrestad/Stokkalandsmarka og sør i kommunen. Det må likevel vere noko areal disponibelt i Nærbø og Varhaug for å dekke bedrifter sine behov for lokalisering nær tettstadene, både med omsyn til transport og til auka folketal.

Det er eit mål for kommunen å ha noko generelt næringsareal tilgjengeleg i alle krinsane. Det blir lagt opp til at det berre er arbeidskraftintensiv næringsverksemd som kan rekne med å få næringsareal i tettstadene nord i kommunen. Plasskrevjande industri bør lokaliserast lenger sør. Hå kommune vil arbeide for at Skoga næringsområde skal utviklast som eit tyngdepunkt for industrietablering i kommunen.

Sist endra 07.06.2017

Kontakt

Jarle Bø
Jarle Bø
Nærings- og hamnesjef
Mobil: 488 44 788

Kart

Fann du det du leita etter?