Tilskot til drenering av jordbruksareal

God drenering er avgjerande for å kunna auka matproduksjonen i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd i å tilpassae jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer faren for erosjon frå jordbruksareal og bidreg på den måten til god vasskvalitet og eit godt vassmiljø. Godt drenert jord slepp dessutan ut mindre lystgass enn vassmetta jord.

Korleis søka?

Mer informasjon om kven som kan søka, rettleiing og søknadsmateriell finn du på landbruksdirektoratet.no.

Det skal leverast inn grøfteplan og miljøplan  saman med søknadsskjema.

Behandling

Kommunen mottek og behandlar søknadane, og gjev rettleiing til søkarar. 

Tilskotet utgjer inntil kr 2.000 per dekar eller kr 30 per løpemeter ved mindre grøftearbeid. Tilskot under kr 3.000 vert ikkje utbetalt.

  • Arealet må tidlegare ha vore grøfta og arbeidet må ikkje vere igangsett.
  • Det må leveras inn søknad og ligga føre ein godkjent grøfteplan før arbeidet vert sett igang 
  • Kommunen betalar ut tilskotet etter at søkjar har dokumentert at tiltaket er gjennomført og det ligg føre eit grøftekart.
  • Søkjar må ta kontakt med kommunen mens arbeidet pågår eller umiddelbart etterpå.
  • Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå då søknaden vart innvilga.

Kontakt

Alf Henning Haukeland
Landbrukskonsulent
Telefon: 51 79 31 23
Karin Hansen Nærland
Rådgiver, landbruk og miljø
Telefon: 51793116
Mobil: 95978069
Fann du det du leita etter?