Regionalt miljøprogram (RMP)

Alle landbruksføretak kan søka tilskot for å gjera miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 1. august til 15. oktober.
 

Miljøprogramma skal fremma særskilte miljømål i jordbruket: 

  • Redusera forureining til vatn og luft 
  • Ivareta kulturlandskap og kulturminne 
  • Tilrettelegga for friluftsliv 
  • Ivareta biologisk mangfald 

Fylkesmannen i Rogaland har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføra. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Fylkesmannen i Rogaland ser på som dei største miljøutfordringane i fylket. Kommunen mottek og behandlar søknadane og skal gje rettleiing til søker.

Ordningane

Ordningane omfattar 

1. Kulturlandskap: Slått og beite av lokalt verdifulle jordbrukslandskap, skjøtsel av bratt areal

2. Biologisk mangfald: Skjøtsel av slåttemark, kystlynghei, styvingstreer. Slått og beite av biologisk verdifulle areal. Tilrettelegging av fuglebiotop.

3. Kulturmiljø og kulturminnar: Skjøtsel av gravminne og andre automatisk freda kulturminnar.

4. Friluftsliv: Vedlikehald av ferdseslårar i jordbrukslandskapet

5. Avrenning til vassdrag og kyst: Fangvekster, Ugjødsla randsoner, vegetasjonssone, vedlikehald av fangdammar og miljøavtaler.

6. Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel: Nedlegging og nedfelling, bruk av tilførselsslangar

Du finn ein komplett oversikt over RMP-ordningar i Rettleiingsheftet som ligg hjå Fylkesmannen i Rogaland.

 

Korleis søka?

Du finn meir informasjon om kven som kan søka, rettleiing og søknadsmateriell hjå Fylkesmannen

Kontakt

Else Brit Helland Mæland
Landbrukskonsulent
Telefon: 51 79 31 27
Karin Hansen Nærland
Rådgiver, landbruk og miljø
Telefon: 51793116
Mobil: 95978069
Fann du det du leita etter?