Avløysartilskot ved sjukdom og fødsel

Avløysarordninga er ein del av velferdsordningane i landbruket.

Du kan søka om tilskot til avløysing ved mellom anna: sjukdom, svangerskap/fødsel/adopsjon, følge av sjuke barn til behandling og dødsfall i nær familie.

Utmåling av tilskot vert berekna etter dyretal 1. dag du er sjuk og utbetalt etter dokumenterte utgifter.

Planteprodusentar kan også få avløysartilskot ved sjukdom i vekstsesongen.


For avløysar ved sjukdom osv. søker du innan tre månadar etter siste avløyste dag. Tilskot vert berekna etter produksjon på føretaket. Du må dokumentera næringsinntekt for siste to år, utgifter til avløysar, sjukmelding og utbetalingar frå NAV.

Tilskotet kan heilt eller delvis dekka utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Her kan du lesa om velferdsordningane.

Kontakt

Alf Henning Haukeland
Landbrukskonsulent
Telefon: 51 79 31 23
Fann du det du leita etter?