Tiltak i kulturlandskapet

Inngrep i kulturlandskapet krev ofte løyve frå eit lovverk, og du bør derfor kontakta kommunen før du går i gang med eit planlagt tiltak.

Eksempel på tiltak du må søka om (ikkje utfyllande)

  • Nydyrking
  • Drifts- og skogsvegar
  • Tilplanting av dyrka jord og juletre
  • Lukking av open grøft
  • Etablering av ridebane
  • Fjerning av åkerholmar
  • Fjerning av steinrøyser
  • Fjerning av åkerkantar

Tiltak som inneber vanleg stell av eigedomen er ikkje søknadspliktig. Eksempel på dette er grøfting eller fjerning av tre som veks innover jordet og er til hinder for drift av jordvegen.

Kontakt

Halldor Gislason
Landbrukssjef
Telefon: 51 79 31 24
Mobil: 415 32 691
Fann du det du leita etter?