Jordprøvar

Jordprøvar gir nyttig informasjon om innhald av næringsstoff i jorda di, samt korleis pH-tilstanden er. Dette gir grunnlag for å laga ein gjødslingsplan som ikkje berre tilfredsstiller formelle krav, men som også tilpassar gjødslinga på din gard på beste måte ut frå agronomi og økonomi.

Forskrifta om gjødselsplanlegging seier at det skal utarbeidast ny gjødselsplan før kvar vekstsesong. Du skal ifølge same forskrift ta jordprøvar kvart 4.-8. år, og det er på grunnlag av desse den nye gjødselsplanen skal utarbeidast. All jord skal ha jordprøver.

Det skal minimum analyserast for pH, fosfor, kalium, jordart og moldinnhald, men i tillegg kan du få analysar på kalsium, magnesium, koper og tungtløyseleg kalium. 

NLR Rogaland  tek ut jordprøvar hjå medlemmane kvart 5.år, og det enkelte medlem blir kontakta tidleg på hausten det året dei står for tur. Har du ny jord utan analysedata frå før, kan du ta kontakt med NLR Rogaland for uttak av jordprøvar. 

Kontakt

Karin Hansen Nærland
Rådgiver, landbruk og miljø
Telefon: 51793116
Mobil: 95978069
Fann du det du leita etter?