Godkjenning av plan for nydyrking

Ønsker du å utvida det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdera kva verknadar nydyrkinga vil ha for landskapsbildet, mangfoldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det settast igjen ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare bestemmelser. Dersom du ikkje har starta på nydyrkinga innan tre år etter at godkjenning er gitt, fell løyvet bort.

Det er viktig å merka seg at nydyrking er fulldyrking og overflatedyrking av jord, også gjennoppdyrking av jord som har lege ubrukt i over 30 år.

Informasjon og søknadsskjema

Meir informasjon og søknadsskjema ligg på Landbruksdirektoratet si nettside.

Kontakt

Halldor Gislason
Landbrukssjef
Telefon: 51 79 31 24
Mobil: 415 32 691
Fann du det du leita etter?