Nydyrking

Omdisponering av dyrket og dyrkbar jord

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggande ressurs for å sikra matforsyninga på kort og lang sikt. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ønsker å bruka dyrka jord til anna enn jordbruksproduksjon, må det søkast om løyve til dette.

 

Nydyrking

Nydyrking er ein av fleire måtar me kan nå det nasjonale målet om å auka norsk matproduksjon på. Dersom du ønsker å dyrka nye areal til jordbruksformål, må du søke kommunen om godkjenning.

Både fulldyrking, overflatedyrking av udyrka mark og gjenoppdyrking av jordbruksareal som har vore unytta i over 30 år blir rekna som nydyrking. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark blir ikkje rekna som nydyrking. 

Ønsker du å utvida det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdera kva verknadar nydyrkinga vil ha for landskapsbildet, mangfoldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det settast igjen ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare bestemmelser. Dersom du ikkje har starta på nydyrkinga innan tre år etter at godkjenning er gitt, fell løyvet bort.

Det er viktig å merka seg at nydyrking er fulldyrking og overflatedyrking av jord, også gjennoppdyrking av jord som har lege ubrukt i over 30 år.

 

Korleis søka?

Du finn meir informasjon om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord og nydyrking på landbruksdirektoratet.no.

Kontakt

Halldor Gislason
Landbrukssjef
Telefon: 51 79 31 24
Mobil: 415 32 691
Fann du det du leita etter?