Konsesjon for overtaking av fast eigedom

Skal du kjøpa fast eiendom, er kjøpet omfatta av konsesjonslova. Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom. «Erverv» er eit fellesord for alle måtar du kan overta ein eiendom på; kjøp, arv, gåve osv. Fast eigedom er for eksempel hus, gard, ubebygd tomt, eller anna areal.

Dei fleste erverv er konsesjonsfrie, men som oftast må du senda inn eigenfråsegn om konsesjonsfridom.

Kommunen avgjer søknadar om konsesjon. Du kan senda klage på kommunen sine vedtak til Fylkesmannen.

Kommunen fører konsesjonsfrie erverv

Dette betyr at du ikkje lenger skal senda eigenfråsegna om konsesjonsfridom til Kartverket.

For kjøp av eigedom som krever eigenfråsegn om konsesjonsfridom, er følgande nytt:

  1. Kjøpar sender eller leverer skjemaet for eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved erverv av fast eigedom til Hå kommune. Servicetorget fører konsesjonsvedtaket i matrikkelen når vedtaket er fatta.
  2. Kjøpar får melding frå kommunen om at skjemaet er godkjent og vedtaket er ført i matrikkelen. Kjøparen sender så skjøtet til Kartverket for tinglysing. Dersom kjøpar sender inn eit skjøte til Kartverket utan at kommunen har registrert den aktuelle konsesjonsinformasjonen i matrikkelen, vil skjøtet bli avvist eller nekta tinglyst.

Ved kjøp av konsesjonspliktig eiendom, er følgande nytt:

  1. Send søknad om konsesjon til kommunen som før. Me fører konsesjonsvedtaket i matrikkelen når vedtaket er fatta.
  2. Kjøpar får melding frå kommunen om at skjemaet er godkjent og vedtaket er ført i matrikkelen. Kjøpar sender då skjøtet til Kartverket for tinglysning. Dersom kjøpar sender inn eit skjøte til Kartverket utan at kommunen har registrert den aktuelle konsesjonsinformasjonen i matrikkelen, vil skjøtet bli avvist eller nekta tinglyst.

Dersom du ønsker stadfesting sendt til ei anna adresse enn den du har oppgitt i skjema eller på e-post, må du informera om dette.

Kontakt

Halldor Gislason
Landbrukssjef
Telefon: 51 79 31 24
Mobil: 415 32 691
Fann du det du leita etter?