Buplikt og driveplikt

Buplikt

Boplikt betyr at nokon må bu på ein eigedom. Det kan vera buplikt på landbrukseigedommar, og på andre eigedommar.

Dersom du overtek ein landbrukseiendom frå nære slektningar, får du fem år med buplikt. Buplikt inneber at du må busetta deg på eigedommen innan eitt år frå overtakinga og at du må bu der i minst fem år.  

Du må søke konsesjon viss du ikkje har tenkt å oppfylla buplikta.

Driveplikt

Dersom du eig ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sjå til at jorda blir driven i heile eigartida. Du kan oppfylla driveplikta ved å driva arealet sjølv eller leiga det bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønsker å driva arealet sjølv eller leiga det bort. For å få fritak for driveplikta, må du senda søknad til kommunen. Kommunen kan gje varig fritak eller fritak for ei viss tid. Kommunen kan også stilla vilkår for fritaket.

Du finn meir informasjon om buplikt og driveplikt på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Her finn du også lenker til ulike søknadsskjema.

I «Gårdskart på nett» kan du søka opp ein landbrukseigedom med gards- og bruksnummer, og få kart som viser oversikt over arealressursar på eigedommen. 

Kontakt

Halldor Gislason
Landbrukssjef
Telefon: 51 79 31 24
Mobil: 415 32 691
Fann du det du leita etter?