Skal du bygga, riva eller endra?

bygga - Klikk for stort bilete

Slik søker du
1. Sjekk planar og reglar
Før du startar eit byggearbeid må du sjekka kva planar og reglar som gjeld for eigedommen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygga.
2. Bestill situasjonskart.
Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Nå du søker om eit tiltak, treng du eit situasjonskart for å teikna inn kva du skal gjera på eigedommen. Me leverer situasjonskart i målestokk 1:500. 
Bestill situasjonskart her.
3. Teikn inn tiltaket på situasjonskartet.
4. Bestill naboliste
Skal du gjera noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen, må du varsla naboane dine først. 
Bestill ei liste over naboane dine her.

4. Fyll ut nabovarsel for privatpersonar
Velg passande leveringsmåte:
A: Kvittering for nabovarsel- levert personleg
B: Kvittering for nabovarsel- sendt på e-post eller sms
C: Kvittering for nabovarsel-sendt rekommandert

5. Fyll ut søknaden.
Privatpersonar kan bruka eit av desse to skjemaa.
- Byggesøknad for deg som ønsker å bygga eller riva.
- Søknad om bruksendring.
Hugs å fylla ut alle felt og legg ved all relevant informasjon, slik som teikningar, nabovarsel og kvitteringar for nabovarsel.

Andre søknadsskjema og byggesaksblankettar finn du på dibk.no

6. Lever søknad
Du kan senda søknaden til kommunen på post@ha.kommune.no, i posten eller levera til servicetorget.

 

Når får du svar på søknaden?

  • Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker.
  • Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.

 

Opningstider

Byggesakskontoret er ope for telefonar og oppmøte: måndag til fredag: 12.30 til 15.00.

Avtal gjerne møte i forkant.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?