Saksgangen i byggesaker

Saksgangen i byggesak

1. Ide

Du har lyst å bygga på huset ditt.

2. Må du søka?

Finn ut om det du skal bygga er søknadspliktig – hugs å sjekka den aktuelle reguleringsplanen og evt kommuneplanen. 

  • Viss ikkje søknadspliktig: Meld i frå til kommunen etter at bygget er ferdig på dette skjemaet.
  • Viss søknadspliktig: Ta kontakt med servicetorget eller bestill forhåndskonferanse med byggesak her.
3. Send inn søknad

Hugs å ta med dette i søknaden (tiltak utan ansvarsrett):

4. Saksbehandlingstid

Me reknar saksbehandlingstida frå me mottek ein fullstendig søknad, det vil seie med all nødvendig dokumentasjon. Viss me må innhenta ytterlegare dokumentasjon fordi søknaden ikkje er fullstendig, inngår ikkje dette i saksbehandlingstida.

Tidsfristar for kommunen si saksbehandling er i all hovudsak slik:

2 veker

  • Forhåndskonferanser

3 veker:

  • igangsettingsløyve
  • midlertidig bruksløyve
  • ferdigattestar
  • byggetiltak der alle vilkår er oppfylt og det ikkje er nødvendig med uttale eller samtykke frå andre styrande organ.

12 veker

  • Omfattande byggetiltak, med og utan dispensasjon frå reguleringsplan
5. Løyvet eller avslaget blir sendt til deg
6. Du kan klaga på vedtaket

Dersom du ikkje er fornøgd med resultatet på vedtaket, kan du klaga innan 3 veker frå du mottok vedtaket. 

Klagen skal behandlast både administrativt og politisk (Utval for tekniske saker og næring).

Dersom kommunen meiner vedtaket ikkje skal endrast, går saka til Fylkesmannen i Rogaland for endelig vurdering.

Fann du det du leita etter?