Må eg søka?

Du må følga plan- og bygningslova når du skal bygga, riva eller gjera endringar på eigedommen din. Sjekk om du må søka ved å bruka Direktoratet for byggkvalitet sin vegvisar.

Dersom du finn ut at bygningen er søknadspliktig:

Dersom du finn ut at bygningen ikkje er søknadspliktig:

  • Om bygningen ikkje er søknadspliktig, kan du bygga utan å informera kommunen på førehand.

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje er søknadspliktig, og at det blir oppført i tråd med gjeldande reguleringsplan og plan- og bygningslova med forskrifter. Sjølv om det ikkje er krav til søknad og nabovarsling, anbefaler me at du informerer naboane om planane dine.

Viss du skal setta opp ein frittliggande bygning eller eit tilbygg, må du informera kommunen om bygningen og plasseringa når han er ferdig. Du informerer kommunen ved å senda inn Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt og situasjonskart som viser plasseringa til bygningen. Du kan bestilla situasjonskart her.

Er du i tvil, kan du ta kontakt med byggesaksavdelinga for hjelp og rettleiing.

Viktig å hugsa:

  • Tiltak som er i strid med plan- og bygningslova eller reguleringsplan er alltid søknadspliktige.
  • Fritak frå søknadsplikta gjeld berre dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan og kommuneplan. Kva reguleringsplan som gjeld for din eigedom kan du sjå i eByggWeb.
  • Ved bygging av garasje, hagestove og tilbygg, må du sjekka utnyttingsgrada for tomta, altså kor mykje du har lov å bygga på tomta. Kva som er gjeldende utnyttingsgrad for di tomt, finn du i reguleringsplanen. Direktoratet for byggkvalitet har laga ein kalkulator for utrekning av utnyttingsgrad.
  • Ved terrengarbeid må du hugsa å sjekka om det ligg leidningar i grunnen. Du kan ikkje endra terreng over leidningar utan samtykke fra leidningseigar.
  • Viss eigedommen grensar mot offentleg veg, og det ikkje er vist byggegrense mot veg i reguleringsplanen, gjeld veglova sine byggegrenser (15 meter frå kommunal veg og 50 meter fra fylkes- og riksveg).

Ofte stilte spørsmål

Kva skal du bygga, riva eller endra?

Kva skal du bygga, riva eller endra?
Frittliggande byggverk

Hugs at du har sjølv ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan òg påverke om du må søka eller ikkje.

Eksempel

  • uthus
  • verkstad
  • hobbybod
  • skrivestove
  • veksthus
  • grillhytte/lysthus
  • dokkestove
  • sykkelskur
  • søppelskur
  • garasje (sjå eigen rettleiing)

Du treng ikkje søka

  • Når frittliggjande bygning ligg på bebygd eigedom og samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er inntil 50 m²

Viktige føresetnader

  • Bygninga kan ikkje innehalde rom for varig opphald.
  • Bygninga er i 1 etasje, og kan ikkje vere underbygd med kjeller.
  • Avstand frå nabogrense må vere minimum 1 meter.
  • Avstand til ei anna bygning på tomta må vere minimum 1 meter.
  • Maksimal mønehøgd er 4 meter og gesimshøgd 3 meter frå ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygget.

Dette kan du søka om sjølv

Bygninga er frittliggande, og samla bruksareal eller bebygd areal er inntil 70 m².

Viktige føresetnader

  • Bygninga kan ikkje innehalde rom for varig opphald.
  • Den er i 1 etasje, og kan i tillegg vere underbygd med kjellar.
  • Hovudregelen er at større bygningar skal bli plassert 4 meter frå nabogrensa. Kommunen kan godkjenne nærare plassering enn 4 meter dersom det føreligg nabosamtykke for plasseringa, eller ved søknad om dispensasjon.

Dette må du søka om med hjelp av fagfolk

  • Bygningar over 70m²
  • Bygningar i meir enn ein etasje
  • Om bygninga skal innehalde rom for å bu i
Garasje og carport

Hugs at du har sjølv ansvar for å sjekke at det du skal byggje ikkje kjem i strid med plan- og bygningsloven, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan og påverke om du må søka eller ikkje. 

Du treng ikkje søka

Når garasjen er ei frittliggande bygning på bebygd eigedom og samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er inntil 50 m².

Viktige føresetnader

  • Må ikkje koma i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planer eller anna regelverk
  • Garasjen kan ikkje innehalda rom for varig opphald
  • Den er i 1 etasje, og kan ikkje vere underbygd med kjeller
  • Avstand frå nabogrense må vere minimum 1 meter
  • Avstand til ei anna bygning på tomta må vere minimum 1 meter
  • Du må ikkje plassera garasjen i strid med byggjegrense mot veg eller bane. Ved plassering nærmare vei/bane enn det byggegrensa tillet må du innhenta dispensasjon eller samtykke på førehand. Kommunen sin praksis er å tillate plassering inntil 2 m ved plassering parallelt med veg og inntil 5 m ved plassering vinkelrett på vei.
  • Maksimal mønehøgd er 4 meter og gesimshøgd 3 meter frå ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygget.

Dette kan du søka om sjølv

Garasjen er frittliggjande, og samla bruksareal eller bebygd areal er inntil 70 m².

Viktige føresetnader

  • Må ikkje kome i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk.
  • Garasjen kan ikkje innehalde rom for varig opphald.
  • Den er i 1 etasje, og kan i tillegg vere underbygd med kjeller.
  • Hovudregelen er at garasje over 50 m² BYA må vere plassert 4 meter frå nabogrensa. Kommunen kan godkjenne nærare plassering enn 4 meter dersom det føreligg nabosamtykke for plasseringa, eller ved søknad om dispensasjon.

Dette må du søka om med hjelp av fagfolk

  • Garasjar over 70 m²
  • Garasjar i meir enn ein etasje
  • Om garasjen skal innehalde rom for busetting

Viktig å hugsa på

  • Hugs at du må ha snuplass på eigen eigedom.
  • Du kan plassera ein garasje på under 50 m² bruttoareal 2 m frå naboen sin bygning Skal du plassera ein garasje over 50 m² nærare anna bygning enn 8 meter, i eigen eller annan brukseining, må du brannsikra garasjen i samsvar med teknisk forskrift. 

 

Gjerde og levegg

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygga ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan og påverke om du må søkje eller ikkje.

Dette treng du ikkje å søka om

  • Gjerde med maks. høgd på 1,5 meter i nabogrensa eller mot veg, om anna ikkje er bestemt i reguleringsplan eller kjem i konflikt med frisiktkrav.
  • Leveggar med høgd inntil 1,8 m og lengde inntil 5,0 meter plassert i nabogrensa.
  • Leveggar med høgd inntil 1,8 m og lengde 10,0 m plassert inntil 1, 0 meter frå nabogrensa.

Viktige føresetnader

  • Gjerder skal ha ein lettare, gjennomsiktig konstruksjon (t. d. stakitt- eller flettverksgjerde).
  • Du kan ikkje plassera gjerde mot veg i frisiktsona ved vegkryss eller hindra sikten ved avkjørsel.
  • I regulert område må du plassera gjerde utanfor regulert vegområde.
  • I uregulert område må du plassere gjerde etter avstanden gitt i Vegnorm (PDF, 6 MB)- Hå kommune.
  • Eventuell port må stå minst 4 meter frå kjørebanekant og slå innover.

Dette kan du søka om sjølv

  • Gjerde med høgd over 1,5 meter mot veg
  • Gjerde over 1,5 meter mot veg krev byggjesøknad
  • Gjerde som er høgare enn tillate i reguleringsplanen krev dispensasjon.
  • Andre leveggar enn nemnt i fyrste avsnitt må du søka om.

 

Riving

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygga ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan og påverke om du må søkja eller ikkje.

Dette treng du ikkje å søka om

  • Riving av bygningar som du heller ikkje treng å søka om for å kunna bygge.

NB! Søknadsfritaket omfattar ikkje eldre byggverk og byggverk som er registrert som kulturminner/del av kulturminnevernplanen (PDF, 8 MB)for Hå kommune.

Dette kan du søka om sjølv

Det du kan søka om sjølv for å bygge kan du søka sjølv om å rive

Dette må du søka om med hjelp av fagfolk

Alle større rivetiltak må du ha eit ansvarleg føretak til å stå for søknaden.

Spesielt for riving

  • Teikn eit kryss(X) på situasjonsplanen over bygninga som du søker om å rive.
  • Send inn teikningar eller foto som viser bygninga.
  • Det må opplysast om føremålet med rivinga og korleis tomta skal bli opparbeidd etter rivinga.
  • Send inn erklæring på at dei som har pengehefte i eigedomen er varsla, seinast ved søknad om igongsettingsløyve.

Viktig å hugse på:

  • Kvitt deg med avfallet på en miljøriktig og lovleg måte. Rivearbeid skal sikrast etter plan- og bygningslova § 28-2.
  • Kontakt kulturvernmyndigheitene i kommunen dersom bygninga er av eldre dato.
  • Kontakt tenesteområdet kommunalteknikk i samband med plombering av VA-leidningar (plombering krev røyrleggarmelding til VA-drift)
  • Kontakt andre leidningseigarar for leidningar i luft eller i grunn: telefon, breiband osb.

 

Tilbygg og påbygg

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygga ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan og påverka om du må søka eller ikkje.

Påbygg er ein ny bygningsdel som vert plassert på ein eksisterande konstruksjon. Ein ekstra etasje eller ark er eit typisk påbygg. Tilbygg er ei utviding av grunnflata på bygninga i ein eller fleire etasjar

Du trenger ikkje å søka om

  • Tilbygg på inntil 15 m², t.d. balkong, veranda og liknande, ope overbygd inngangsparti eller ved- og sykkelbu

Viktige føresetnader

  • Kommunen må ha melding når byggverket er oppført.
  • Tilbygg kan ikkje innehalde rom for varig opphald
  • Avstand frå nabogrensa må vere minimum 4 meter
  • Tiltaket må ikkje kome i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk som veglova og jernbanelova sine føresegner

Dette kan du søka om sjølv

  • Eit enkelt tilbygg der samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 m². Tilbygget kan i tillegg ha kjeller.

Viktige føresetnader

  • Tilbygget kan ikkje innehalde ei eiga sjølvstendig bueining (leilegheit).
  • Dersom du bur i eit bustadsameige eller eit burettslag må styret godkjenne det du søker om.

Dette må du søka om med hjelp av fagfolk

  • Alle påbygg
  • Tilbygg kor samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 50 m².

 

Støttemur

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygga ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan og påverka om du må søka eller ikkje.

Du treng ikkje å søka om

  • Støttemur med inntil 1 meter høgd og plassering minst 1 meter frå nabogrensa.
  • Støttemur med inntil 1,5 meter høgd og plassering minimum 4 meter frå nabogrensa.

Støttemur med høgd under 0,5 m i frisiktsone mot veg.

Du må likevel søka dersom

  • Tiltaket er i strid med lov, forskrift, kommuneplan eller reguleringsplan
  • Tiltaket ligg i strandsona (då gjeld byggeforbodet i 100 meters-sonen)

Dette kan du søka om sjølv

  • Enkle, mindre støttemurar over 1,5 meters høgd med min. 4 m avstand til nabogrensa  kan behandlas som søknad om mindre tiltak. Kommunen vurderer vanskegraden i kvar enkelt sak. Større støttemurar må du søka om med hjelp av fagfolk.

Støttemur mot nabogrense

  • Kommunen kan godkjenne mindre støttemurar (utover 1 m høgd med 2 m avstand frå nabogrensa) nærare enn 4 m dersom muren ikkje heng saman med andre konstruksjonar. Vi vurderer konkret kva murar som kan verta sett på som mindre tiltak. Det er ein praksis å tillate støttemurar opptil 0,5 m i nabogrensa.
  • Dersom muren ikkje vert sett på som eit mindre tiltak må du søka om dispensasjon frå 4 meters-regelen eller innhente nabosamtykke.

Støttemur mot veg

Støttemur må ikkje plasseras innføre:

  • Veglova sin eller reguleringsplanen sin byggegrense mot offentleg veg
  • Regulert vegkant eller avstandar i vegnormalen i uregulerte strøk.
  • Frisiktsone (Kommunen har ein praksis å frita  murar med ei høgd inntil 0,5 m. Høgare murar i frisiktsona krev samtykke eller dispensasjon.)

Plassering

Kommunen anbefaler at du hyrer inn eit føretak med oppmålingsteknisk kompetanse som påviser muren sin plassering.

 

Våtrom

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygga ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan og påverka om du må søkja eller ikkje.

Våtrom her tyder bad, dusjrom og vaskerom - det vil seie rom kor overflater på veggar og golv vert utsett for vass-søl.

Dette treng du ikkje å søkje om

  • Fullstendig ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining.
  • Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining.
  • Bygging av våtrom i nytt tilbygg kor verken samla bruksareal eller bebygd areal for tilbygget er over 50 m² og kor tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseining.
  • Bygging av fleire våtrom i forskjellige brukseiningar (t.d. i blokker) så lenge arbeidet ikkje rører ved skille eller brannskille mellom brukseiningane.
  • Reparasjon av sanitæranlegg uavhengig om skille mellom brukseiningane og/eller brannskille vert brote (nytt frå 01.07.2015).

Viktige føresetnader

  • Krav til våtrom og installasjonar og krav til planløysning i byggeteknisk forskrift må alltid følgjast, sjølv om tiltaket ikkje er søknadspliktig. Dette gjeld blant anna om plass til manøvrering av rullestol og gåstol i våtrommet. Dersom det ikkje er mogleg å tilpassa byggverket til dei tekniske krava utan uforholdsmessige kostnadar kan kommunane likevel gje løyve.
  • Du har ansvar dersom regelverksbrot skjer, også der feilen er gjort av føretaket du engasjerer.
  • Rommet må vere godkjent for varig opphald. Om det ikkje er det, må du søka om å endra bruken av rom (bruksendring).

Røyrleggarmelding: Du treng ikkje å senda inn røyrleggarmelding for arbeid som er unntatt søknadsplikt.

Dette må du søke om med hjelp av fagfolk

  • Brannskillet vert brote utan at det kun gjeld reparasjon av sanitæranlegg
  • Endringar i berande vegg eller konstruksjon i samband med våtrom
  • Du skal oppretta nye bueiningar med bad eller kjøkken i
  • Våtrom i nytt tilbygg som er over 50 m²

Det er krav om uavhengig kontroll for alle tiltak som er omtalte i dette avsnittet.

Dersom du har tilstrekkeleg erfaring kan du søka om å bli godkjend som sjølvbyggar for arbeid i eigen bustad eller fritidseigedom.

 

Terrasse, veranda, balkong

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygga ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan og påverka om du må søka eller ikkje.

Utegolv, terrasse, veranda, balkong og altan er konstruksjonar for uteopphald. 

Utegolv (platting)

Opparbeida del av uteareal som ligg direkte på bakken eller lågt over terreng. Utegolv kan vere av til dømes stein, tre eller betong.

Terrasse

Planert avsats for uteopphald med direkte tilkomst frå både terreng og hus, ikkje overbygd. Kan vere av ulik material.  (Takterrasse: Uteopphaldsareal på eit flatt tak)

Veranda

Eit ytre opphaldsrom innebygd eller som tilbygg i ei bygning med ein eller fleire yttervegger fjerna, eller erstatta av glasveggar (glasveranda). 

Balkong

Opphaldsplass på husfasade, utkraga frå vegg, opphengt eller understøtta, omgitt av rekkverk.

Altan

Uteopphaldsplass på tak. Oftast på eit tilbygg som er lågare enn resten av bygninga.

Du treng ikkje å søka om

  • Platting, terrasse eller utegolv  utan rekkverk med høgd under 0,5 m i områder med arealformål byggeområde. Her gjeld ingen avstandsføresegner.
  • Balkong, veranda og liknande, eller ope overbygd inngangsparti inntil 15 m². Kan ikkje innehalde rom for varig opphald og må ha avstand frå nabogrensa på minimum 4 meter
  • Frittliggande terrassekonstruksjon

Dette kan du søka om sjølv

  • Platting, terrasse eller utegolv med høgd over 0,5 m. Samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) må vere under 50 m². Avstandsreglar gjeld og tiltaket kan ikkje plasserast utanfor byggjegrense.

Me oppfordrar til alltid å informere naboar ved oppstart, sjølv om tiltaket er unnteke søknadsplikt.

Dette må du søka om med hjelp av fagfolk

Platting, terrasse eller utegolv med ei høgd over 0,5 m og samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) over 50 m². 

 

Bruksendring

Bruksendring er å ta i bruk eit areal eller bygning på eigedomen din til noko anna enn kva det er godkjent for. All bruksendring er søknadspliktig.
Bruksendring av areal krev og dispensasjon frå reguleringsplan/kommuneplan.
Nokre tiltak kan du søka om sjølv. Andre tiltak krev søknad frå kvalifisert føretak.

Døme på bruksendring:

  • Du ønsker å bruka bod/kjellar/loft til varig opphald (t.d. stove, soverom, kontor, kjøkken) som ikkje tidlegare er godkjent til dette føremålet.
  • Du ønsker å bruka arealet til noko anna enn det er regulert til, t.d. endra bruk frå bustadføremål til fritidsbustad eller næring
  • I slike tilfelle må du og søka om dispensasjon frå reguleringsplan/kommuneplan.

Dette kan du søka om sjølv

  • Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innafor ei brukseining, t.d. å innreia kjellaren din til bustad, jf. byggjesaksforskrifta § 3.1.
  • Mindre bruksendring frå tilleggsdel (bod / garasje) til hovuddel (stove, soverom) innafor ei brukseining er i nokre tilfelle søknadspliktig utan ansvarsrett. Dette kan då eigar sjølv søka om. Endringa må ikkje gå ut over minstekrav til bod, parkering, etc.

 

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak

For all annan bruksendring enn det som er nemnd ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Døme:

  • Etablering av fleire bueiningar eller leilegheiter
  • Når byggverket skal takast i bruk / bli tilrettelagt for noko anna enn det som som løyve eller regulering tilseier, t.d. at bustad vert teken i bruk til næring.
Skorstein, omn og peis

Sjå artikkel om omn og peis på brannvesenet sine sider for å finna ut kva som er søknadspliktig og ikkje.

Meir informasjon

Bygg utan å søka - informasjon frå Direktoratet for byggkvalitet.

Opningstider

Byggesakskontoret er ope for telefonar og oppmøte: måndag til fredag: 12.30 til 15.00.

Avtal gjerne møte i forkant.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?