Kva kostar det å søka?

Du må betala for at kommunen skal behandla byggesøknaden din. Prisen du må betala avhenger av kva du skal bygga.

Saksbehandlingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr basert på kva du skal bygga og eit arealgebyr for størrelsen på byggverket. Dersom du søker om dispensasjon, kjem dispensasjonsgebyret i tillegg.

Eksempelet under viser saksbehandlargebyr for å bygga ein garasje på 50 kvadratmeter som krev dispensasjon frå regulert byggegrense.

Type gebyr

Pris

Grunnbeløp 2455 kroner
Arealgebyr (18,50 kr x 50 m2) 925 kroner
Dispensasjon, byggegrense 4595 kroner
Sum 7975 kroner

 

Dersom søknaden ikkje blir godkjent, skal du normalt ikkje betala gebyr. Unntaket er dispensasjonar eller reguleringssaker. 

Full prisliste finn du her. (PDF, 488 kB)

Opningstider

Byggesakskontoret er ope for telefonar og oppmøte: måndag til fredag: 12.30 til 15.00.

Avtal gjerne møte i forkant.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?