Korleis søka sjølv?

Me har laga ei enkel sjekkliste med opplysningar kommunen treng om du skal søka sjølv. 

Før du søker:


Sjekk følgande:

 

Korleis søka?

  • Bestill situasjonskart frå servicetorget her.
  • Bestill naboliste frå servicetorget her.
  • Teikn inn tiltaket på situasjonskartet.
  • Send ut nabovarsel. Ved nabovarsling brukar du skjema 5155, 5156 og eventuelt 5154. Skjema 5154 skal kun brukast ved rekommanderte sendingar, eitt skjema til kvar nabo. Naboane skal senda sine merknadar til deg, slik at du kan kommentera dei før du sender alt til kommunen. Meir informasjon om nabovarsling finn du her.
  • Vent minst to veker på eventuelle nabomerknadar før du sender søknaden til kommunen.

 

Søknad og vedlegg

  • Søknadskjema (5153) utfylt og underskrive
  • Kopi av nabovarsel
  • Kvittering for nabovarsel
  • Eventuelle nabomerknadar med dine kommentarar
  • Eventuell grunngjeving om du søker dispensasjon
  • Situasjonskart som viser plasseringa til tiltaket
  • Teikningar (i målestokk)
Alle skjema/byggesaksblankettar finn du på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. Du kan senda søknaden til kommunen på post@ha.kommune.no, i posten eller levera til servicetorget.
 

Kva kostar det å søka?


Når får du svar på søknaden?

  • Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker.
  • Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.

 

Trenger du hjelp eller rettleiing?

Er du i tvil, kan du ta kontakt med servicetorget eller byggesaksavdelinga for hjelp og rettleiing. 

 

Opningstider

Byggesakskontoret er ope for telefonar og oppmøte: måndag til fredag: 12.30 til 15.00.

Avtal gjerne møte i forkant.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?