Meld frå til kommunen når bygget er ferdig

Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller annan bygning som er friteken frå søknadsplikt, må du gi beskjed til kommunen. Me treng opplysingane for å oppdatera dei digitale karta våre.

Tiltak som ikkje er søknadspliktige

Tiltak som er søknadspliktige

Dersom du har fått hjelp av ein ansvarleg søkar tidlegare i byggesaka, er det den ansvarlege søkaren som skal søka om ferdigattest.

Midlertidig bruksløyve

Så lenge det berre gjenstår mindre arbeid, og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du også søka om midlertidig bruksløyve. I søknaden må det gå fram kva arbeid som står igjen og ein frist for å ferdigstilla bygningen. Eit midlertidig bruksløyve gjer at du kan ta i bruk bygningen før du har motteke ferdigattest.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingsfristen for søknad om ferdigattest eller midlertidig bruksløyve er tre veker, men søknadane blir behandla så raskt som mogleg.

Opningstider

Byggesakskontoret er ope for telefonar og oppmøte: måndag til fredag: 12.30 til 15.00.

Avtal gjerne møte i forkant.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000
Fann du det du leita etter?