Dispensasjon

Viss du ønsker å bygga, riva eller endra noko som er i strid med lovar og reglar for din eigedom, kan du søka om dispensasjon. Dispensasjon vil seia at du får lov til å bygga eller gjera noko som du i utgangspunktet ikkje har lov til.  

Dei ulike områda i kommunen har ulike planbestemmelser. Når du skal bygga noko, må du derfor finna ut kva bestemmelser som gjeld for din eigedom. Dette kan du finna ut her.


Korleis søka om dispensasjon?

I søknaden skal du forklara tydeleg kva bestemmelse du søker dispensasjon frå og grunngi kvifor du treng dispensasjon. Du må også varsla naboar om dispensasjonen. Her finn du meir informasjon om nabovarsling.
Du kan søka om dispensasjonen i forkant eller samtidig med tiltaket (det du skal bygga).


Saksbehandling

Saksbehandlingsfristen er på 12 veker frå me mottek søknaden. Du vil normalt få ei tilbakemelding innan to veker om det er noko som manglar ved søknaden.


Dersom søknaden får følgjer for saksområda til andre instansar, vil dei få sjansen til å uttala seg om dei ikkje har gjort det i forkant. Andre instansar har svarfrist på fire veker.  


Saksbehandlingsgebyr for dispensasjon

Behandling i utval 7665 kroner
Tillegg for dispensasjon sendt på høyring 3815 kroner
Dispensasjonar behandla i delegert vedtak 4595 kroner

Opningstider

Byggesakskontoret er ope for telefonar og oppmøte: måndag til fredag: 12.30 til 15.00.

Avtal gjerne møte i forkant.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000
Fann du det du leita etter?