Kva skal du bygga, riva eller endra?

Under finn du ei rettleiing og ei enkel sjekkliste. Her får du mellom anna svar på om ulike tiltak og om det du ønsker å bygga er søknadspliktig eller ikkje, og kva føresetnader som er viktig å huske på i høve til din eigedom.

Me har laga ei enkel sjekkliste med opplysningar kommunen treng om du skal søka sjølv. Lista er ikkje utfyllande for alle typar tiltak. Ta kontakt med byggesaksavdelinga om du har spørsmål.

Søknad om tiltak utan ansvarsrett:
(Kva kommunen treng for å kunne behandla)

  1. Søknadsskjema (blankett 5153)
  2. Plassering innteikna i situasjonskart (skriv ut frå kommunekart)
  3. Teikningar (i målestokk)
  4. Opplysningar gitt i nabovarsel (blankett 5155)
  5. Kvittering av nabovarsel (hugs rekommandert sending ved post) Blankett 5156
  6. Evt. grunngjeving dersom du søker om dispensasjon.
     

Alle søknadsskjema/blankettar kan du finne på nettsidene til direktoratet for byggkvalitet.
Bestilling av naboliste sender du til servicetorg@ha.kommune.no

Gjeldande prisar på gebyr finn du i oversikta over bygnings- og reguleringsgebyr 2017 (PDF, 33 kB)

Besøks- og telefontid

Servicetorget kan hjelpa deg med rettleiing, utfylling av søknadsskjema, naboliste og situasjonskart. Byggesaksmedarbeidarane har telefon- og besøkstid kvar dag etter kl 12.30. Du kan søka hjelp i servicetorget, eller avtala ei tid for forhåndskonferanse.

Vil du bestilla ein forhåndskonferanse med ein byggesaksmedarbeidar?

Fyll ut skjemaet under:

Felt merka med * må fyllast ut
Sist endra 03.04.2017
Fann du det du leita etter?