Gebyr for vatn og avløp

Når betalar eg gebyr for vatn og avløp?

Du betalar gebyr for vatn og avløp saman med renovasjonsgebyret og feiegebyret. Kommunen sender ut faktura to gongar i året. Betalingsfristane er 1. april og 1. oktober.

Kvifor betalar eg gebyr for vatn og avløp?

Avgift for vatn og avløp er betaling for at du har reint vatn i springen, avløp frå eigedommen og at spillvatnet (kloakken) blir reinsa. 

Kor mykje betalar eg for vatn og avløp?

Årsgebyr for vatn og avløp består av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr).

Abonnementsgebyr

Du betalar eit fast beløp uavhengig av kor mykje vatn du brukar. Du betalar halvparten på våren, og halvparten på hausten.

Vatn og avløp: Abonnementsgebyr
Avgift Pris
Årsabonnement på vatn 267 kroner per år
Leige av vassmålar i standard størrelse 85 kroner per år
Årsabonnement på kloakk 1473 kroner per år

Pris er eks. mva

Forbruksgebyr

Forbruksgebyret for vatn og avløp blir rekna ut frå målt forbruk via vassmålar. Avrekninga av forbruket skjer ein gong i året.

Vatn og avløp: Forbruksgebyr
Forbruk Pris
Vatn 8,02 kroner per kubikk
Avløp 11,60 kroner per kubikk

Pris er eks. mva

Fann du det du leita etter?