Stokkalandsmarka er ennå i startgropa. Til nå er det rundt rekna reist tre hundre bustader på det veldige området. Og det er einebustader alle som ein, store og rommelege, bygde etter draumen til familiane som bur her. Når området står ferdig utbygd, vil det etter planen vera heimstaden til 6-8000 menneske.
I desse dagar er gravemaskinane i full sving med å grava ut den nye skuletomta, idrettshallen og gjera plass til eit heilt nytt sentrumsområde, med butikkar og alt som må til for å gjera Stokkelandsmarka til den beste staden på jord. Ny infrastruktur er under bygging, med vegar og ny jernbanestasjon som vil korte reisetida til både Bryne og Stavanger.
Selde bustadtomter vert normalt opparbeidde med asfalt eller brustein i gardsrom/innkøyrsel med utgangspunkt i høgde på veg/gate. Byggefelt (som Stokkalandsmarka) vert først opparbeidd med eit lag asfalt. Etter nokre år vert lag nummer to med asfalt lagt på, og etter kvart kan det òg koma ytterlegare reasfaltering. Dette gjer at høgde på veg/gate etter nokre år kan verta 4-8 cm høgare enn dagens. Bustadbyggarar bør ta høgde for dette, og tilpassa høgde på innkøyrsel for å redusera eventuelle problem med høg kant, høgdeforskjell og overvatn inn på eigedommen.
Nyttig å vita