Viktig melding

Lukk meldinga

Har du meiningar om eit framtidig Stokkalandsmarka sentrum?

Kva tykkjer du om arkitektane sine forslag? Arkitektkontora ArkVest, AsplanViak og Bark har vore engasjerte for å utarbeida moglegheitsstudier for eit framtidig sentrum i Stokkalandsmarka. Tysdag 26. november 2019 blei politikarane i kommuneplanutvalet dei første som fekk sjå resultata.

Kommuneplanen plasserer sentrumsområdet ved rundkøyringa sør for det som er Stokkalandsmarka i dag. I fyrste omgang ynskjer kommunen å laga ein reguleringsplan slik at det kan etablerast nærbutikk, og avklara kvar ein framtidig skule og andre funksjonar bør ligga. Sentrum må kunna byggast ut over tid etter kvart som folketalet i Stokkalandsmarka aukar. Arkitektane har blitt bedne om å legga til rette for ei etappevis utbygging av sentrumsområdet. Dei ulike funksjonene må planleggast på ein hensiktsmessig måte, slik at sentrale areal ikkje vert liggande ubygde på ubestemt tid.

Arkitektane sine skisser og idéar finn du i vedlegga til denne sida.

Medverknad
No ynskjer me å høyra kva de som skal nytta sentrum tykkjer om arkitektane sine forslag. Inviter inntil åtte gjester på gjestebod heim til deg. Saman diskuterer de arkitektane sine forslag og kjem med dykkar tankar om desse. Spørsmåla me ynskjer tilbakemelding på er:

  • Kva for eit alternativ likte de best?
  • Kva var det de likte med dette forslaget?
  • Er det idéar frå dei andre forslaga de tykkjer burde takast med?
  • Er det noko arkitektane ikkje har tenkt på som de meiner burde vera med?

Me har sett 9. februar 2020 som frist for gjennomføring av gjesteboda.